Studere i utlandet
Søknadsfristar
Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Alle studentar får basislån og reisestøtte
Dei fleste får tre forskjellige typar støtte til utdanning i utlandet. Basislån, reisestøtte og skolepengelån om du skal betale skolepengar.
Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje et stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.
Betalar du skolepengar til universitetet, kan du få lån og stipend til dekning av det, opp til eit maksbeløp. Maksbeløpet er avhengig av kor du studerer og kor mykje du skal betale.
Les også
Ny liste over universitet som gir rett til utvida stipend i 2021-2022
Vi gir også reisestøtte som tilskot til to tur/retur- billettar til den verdsdelen du studerer i.
Du søker om lån og stipend éin gong kvart år
Du må søke om studiestøtte kvart år. Skjer det noko under studia, som at du sluttar før eksamen eller du vil byte utdanning, loggar du deg inn og melder ifrå til oss.
Kontroll av fagleg progresjon
Fordi vi ikkje får inn informasjon om beståtte eksamenar eller stadfesting på kor mykje skolepengar du har betalt frå utanlandske lærestader, må du dokumentere dette til oss kvart år.
Du får beskjed frå oss når og korleis dette skal gjerast. Du må dokumentere fagleg progresjon for at du skal få gjort om delar av lånet ditt til stipend, og for at vi skal behandle søknaden din når du søker for neste studieår.
Gjeld og nedbetaling
Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er student og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.