Busett i utlandet

Gjeld deg som betaler ned på lånet og bur i eit anna land

Ikkje eigne reglar

Det er same reglar for tilbakebetaling om du bur i Noreg eller eit anna land
  • når du ikkje lenger får lån og stipend til fulltidsutdanning, må du begynne å betale på lånet
  • du må betale kvar månad
  • dersom du skal søke om sletting av renter eller gjeld, må du sende inn meir dokumentasjon når du bur i utlandet

Betaling frå utlandet

Du må betale rekningar månadleg også når du bur i utlandet. Det enklaste og rimelegaste er å betale frå konto i norsk bank.

Avtalegiro frå norsk bank

Har du ein norsk konto og ønsker å sleppe å overføre pengar kvar månad frå den utanlandske banken din, bør du overføre eit større beløp til den norske bankkontoen og velje avtalegiro. Då skjer trekket automatisk på den datoen du vel som forfallsdato.

Sjølv om du har flytta til utlandet eller er registrert med ei utanlandsk adresse i folkeregisteret, skal det vere mogleg å opprette konto i ein norsk bank så lenge du har norsk personnummer.

E-faktura frå norsk bank

Dersom du har konto i ein norsk bank, kan du også velje e-faktura. Då må du sjølv hugse på å godkjenne betalinga før forfall kvar månad.

Viss du ikkje kan betale

Om du har lav inntekt, eller har problem med å betale rekningar av andre årsaker, har du rett til betalingsletter etter same reglar som om du skulle budd i Noreg. Bur du i utlandet, må du rekne med å måtte sende inn meir dokumentasjon til ein eventuell søknad om enkelte betalingsletter. Dette er fordi vi ikkje får informasjon frå offentlege etatar i andre land enn Noreg.

Dette treng du for å betale frå utanlandsk konto:

  • kontonr./IBAN-nr: NO5576940520300
  • SWIFT/BIC: DNBANOKK
  • bank: Dnb Bank ASA
  • namn og adresse: Lånekassen Postboks 450 Alnabru 0614 Oslo, Norway
  • ditt kunde- eller KID-nummer som du finn på rekninga og på Dine sider
  • informasjon om kva betalinga gjeld

Betaling når du ikkje har norsk bankkonto

Dersom du ikkje ønsker eller ikkje kan ha ein norsk bankkonto, må du betale gebyra og omkostningane den utanlandske banken krev. Du kan betale terminbeløpet i norske kroner eller i lokal valuta.

Du kan ikkje betale på forskot

Dersom du betaler inn eit større beløp enn det som står på rekninga eller betaler ekstra utanom rekningane, blir det rekna som ekstra nedbetaling på lånet. Det gjer at terminbeløpa blir lågare, men du får rekning på vanleg måte neste månad.

Vi tilbyr ikkje forskotsbetaling, sjølv om du bur i utlandet.

Du kan betale gjennom overføringstenester (f.eks. TransferWise eller Revolut)

Du kan bruke ulike pengeoverføringstenester for å betale rekningane frå Lånekassen, og dette kan redusere omkostningane ved å betale frå utlandet.

Hugs å legge inn riktig betalingsinformasjon dersom du bruker TransferWise, Revolut eller andre overføringstenester for å betale rekninga frå Lånekassen, slik at betalinga blir registrert på riktig kunde.

Merk overføringa med namnet og KID-nummeret til kunden betalinga gjeld.

Du kan betale med sjekk

Betaler du med ein privat sjekk, dvs. sjekkar du har på ein konto i din utanlandske bank, må den skrivast ut i lokal valuta. Hugs å føre på KID-nummer eller kundenummer på sjekken. Ver klar over at du blir belasta med eit gebyr på 300 kroner når du betaler med sjekk. Gebyret blir lagt til den neste rekninga di, i tillegg til det vanlege terminbeløpet.

Du kan også kjøpe ein valutasjekk i norske kroner eller lokal valuta i ein lokal bank. Ver klar over at betaling med sjekk tar lang tid.

Send sjekken til:
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo, Norway

Du kan utsette betalinga
Sjå kva moglegheiter du har dersom du ikkje kan betale rekninga.
Når du skal begynne å betale på lånet
Sjå kva som hender når du er ferdig med å studere

Aktuelt regelverk