Autorisasjon og helsefag

At du får lån og stipend frå Lånekassen, betyr ikkje at du nødvendigvis får autorisasjon til å jobbe som helsepersonell i Noreg når du er ferdig med utdanninga.

Autorisasjon av helsefaglege utdanningar i EØS

Innanfor EU/EØS har landa blitt einige om å harmonisere fem helsefaglege utdanningar. Det betyr at landa er einige om kva desse utdanningane skal innehalde, og dermed gjere det enklare å få autorisasjon i andre EU/EØS-land.

Dei harmoniserte helseprofesjonane er:

  • lege
  • tannlege
  • sjukepleiar
  • jordmor
  • farmasøyt/provisorfarmasøyt

Gjennomfører du ein av desse utdanningane, og utdanninga gir rett til autorisasjon i studielandet, kan du vere rimeleg sikker på at du vil få autorisasjon i Noreg. Tar du ei anna utdanning enn dei fem harmoniserte, vurderer Helsedirektoratet utdanninga di opp mot ein tilsvarande utdanning i Noreg. Helsedirektoratet vurderer då om nivå, innhald, omfang og eventuelt grad av integrert praksis i den utanlandske utdanninga er jamgod med tilsvarande utdanning i Noreg.

Autorisasjon av helsefaglege utdanningar utanfor EØS

Det er vanskelegare å få autorisasjon om du tar ei utdanning utanfor EU/EØS. Helsedirektoratet samanliknar då den utanlandske utdanninga opp mot tilsvarande utdanning i Noreg med omsyn til nivå, innhald og omfang, og går blant anna gjennom:

  • detaljerte fagplanar
  • læringsmål
  • ECTS/Credits eller tal timar for kvart fag
  • opplysningar om klinisk praksis og ei rekke andre opplysningar

I tillegg må du ta kurs i korleis det norske helsesystemet fungerer. Nokre yrker må også ta ein praktisk fagprøve og kurs i handtering av medisinar.

Helsedirektoratet treng detaljert dokumentasjon om utdanninga di for å kunne vurdere om du får autorisasjon. Derfor er det viktig at du sørger for å ta vare på dokumentasjon undervegs i utdanninga.

Du finn meir informasjon om dette på Helsedirektoratet sine nettsider