Du kan berre få skolepengelån til nettstudium i utlandet.
Skal du ta nettstudium ved ein lærestad i eit anna EØS-land enn Noreg, kan du få eit skolepengelån på inntil 69 500 kroner per studieår. Det betyr at du ikkje kan få andre stipend eller lån frå Lånekassen. Du kan heller ikkje få gjort om noko av lånet til stipend.
Det er berre utdanningar som er på nivå med høgare utdanning i Noreg du kan få skolepengelån til. Du kan altså ikkje få lån eller stipend til utdanningar som ikkje tilsvarer høgare utdanning i Noreg, og heller ikkje til utdanning ved lærestader utanfor EØS.
Kva for utdanningar er godkjende for støtte?
For å få lån til nettstudium ved ein lærestad i eit EØS-land, må utdanninga oppfylle desse krava:
- Utdanninga kan bli godkjend av NOKUT som likestilt med utdanning på bachelor-, master- eller Ph.d.-nivå i Noreg. Utdanninga kan også vere førehandsgodkjend som ein del av ei utdanning du tar i Noreg, av eit universitet, vitskapeleg høgskole eller høgskole.
- Utdanninga må berre gå føre seg på nett. Samlingsbaserte utdanningar gir ikkje rett til støtte frå Lånekassen.
Nettstudium i Storbritannia
Dersom du starta på ei gradsutdanning i Storbritannia som berre går føre seg på nett før 31.12.2020, kan du få lån til skolepengar i så lang tid som utdanninga er normert til. Vi gir ikkje lån til nettstudium i Storbritannia som starta etter 1.1.2021. Årsaka er at Storbritannia melde seg ut av EU frå og med 2021.
Kor mykje kan eg få?
Du kan få inntil 69 500 kroner per studieår til å betale skolepengar, men du får berre lån til det du faktisk skal betale. Det vil seie at du ikkje får lån frå Lånekassen om du ikkje betaler skolepengar.
Studerer du på deltid, får du mindre skolepengelån. Det maksimale lånet du kan få, blir redusert i samsvar med deltidsprosenten din. Studerer du for eksempel 70 prosent av ei fulltidsutdanning, kan du altså få 70 prosent av det fulle skolepengelånet.
Kva skal til for å få lånet?
I tillegg til at utdanninga din må vere godkjend, må du oppfylle dei generelle krava for å få støtte. Det betyr blant anna at du ikkje kan vere meir enn eitt år forseinka i utdanninga, at du ikkje kan vere over 65 år og at du ikkje kan få støtte frå Lånekassen i meir enn 8 år til saman. Det er også krav om at du har generell studiekompetanse.
I tillegg til å oppfylle dei generelle vilkåra, må du også oppfylle krav om tilknyting til Noreg.
Kva slags dokumentasjon må eg sende?
Etter at du har søkt om skolepengelånet, må du sende følgande dokumentasjon til oss
- Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden. Brevet må vise kva for utdanning du skal ta, og omfanget av utdanninga (antalet ECTS/studiepoeng per semester)
- Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale i skolepengar
- Vitnemål frå vidaregåande skole som stadfester at du har generell studiekompetanse
- Dersom du må sende inn dokumentasjon om tilknytinga di til Noreg, får du beskjed om kva du må sende inn i søknaden
Du kan laste opp dokumentasjonen på Dine sider på lanekassen.no eller sende den i posten.