Førebels erklæring om retten til lån og stipend

Ei førebels erklæring om retten til lån og stipend kan fungere som midlertidig dokumentasjon på at du kan få støtte frå Lånekassen når du søker opptak til utdanning i utlandet.

Foreløpig uttalelse

Kva er ei førebels erklæring?

Ei slik erklæring blir typisk brukt dersom du skal søke visum eller opptak til utdanning i USA og Canada.

Ei førebels erklæring om retten til støtte er ei generell berekning av kor mykje du kan få i lån og stipend frå Lånekassen for eitt heilt studieår, dersom du skal studere i utlandet. Den er ikkje ein garanti for at du vil få lån og stipend.

Erklæringa er gyldig i heile verda, men det er spesielt studentar i USA og Canada som treng ei slik erklæring.

Dette kan du bruke erklæringa til

Du kan bruke erklæringa for eksempel når:

  • du søker om opptak i utlandet
  • du søker om visum
  • du skal skaffe deg bustad dersom utleigar ønsker ein finansiell oversikt
  • lærestaden etterlyser betaling av skolepengar før du har fått lån og stipend

Hugs å søke om lån og stipend på Dine sider

For å få lån og stipend frå Lånekassen må du studere ved ein godkjend lærestad, og oppfylle alle vilkåra. Ei førbels erklæring kan ikkje erstatte ein søknad om lån og stipend. Du må sende inn ein søknad om lån og stipend på Dine sider når du har fått opptak ved lærestaden.