Innfri lånet eller betale raskare

Gjeld deg som vil innfri lånet, betale ekstra eller betale ned raskare.

Kontonummer og KID

Rekningen inneheld all informasjon du treng for å betale. Hvis du ikkje finner rekningen skal du bruke dette:
  • Kontonummer: 7694.05.20300
  • KID-nummer. Det er alltid det same, og du finn det på Dine sider og på rekningene.
  • Terminbeløp. Dette finn du på Dine sider

Du kan betale ekstra eller innfri lånet når som helst

Skal du betale inn eit ekstra stort beløp eller betale ned heile gjelda, kan du gjere det, men ver klar over at det er fordelar med lån hos Lånekassen samanlikna med andre bankar.

Fordelar med studielån

Med lån i Lånekassen følger det med sosiale ordningar, som for eksempel gratis gjeldsforsikring ved uførheit og død. Det betyr at heile eller delar av gjelda kan bli sletta om du blir ufør. Dersom du dør, blir heile gjelda sletta. Ingen arvar gjeld du har i Lånekassen.

I tillegg kan du utsette betalinga i inntil tre år til saman, utan at du må ha nokon spesiell grunn til det. Du kan også få sletta renter på lånet og sleppe betaling i ein periode dersom du kjem i ein vanskeleg økonomisk situasjon, fordi du for eksempel er arbeidsledig eller sjuk.

Slik innfrir du studielånet

Loggar du inn på Dine sider, finn du oversikt over kor stor gjeld du har, kontonummeret til Lånekassen og kva som er KID-nummeret ditt. Ønsker du å innfri lånet, kan du når som helst betale heile gjelda di til det same kontonummeret og med det same KID-nummeret du elles bruker. Du finn den totale gjelda di under «Gjelda di» på Dine sider. Det er dette beløpet du skal betale når du innfrir gjelda.

Har du fått ei rekning frå oss, står det på fakturaen kva resten av gjelda vil vere etter at du har betalt rekninga. For å betale alt du skuldar kan du plusse dette beløpet på den ordinære betalinga.

Du kan likevel risikere å få ei rekning på eit lite beløp etter innbetalinga dersom det er lagt til renter og gebyr som ikkje er synlege på Dine sider.

Lån som kan bli gjort om til stipend

Dersom heile gjelda di er lån som kan bli gjort om til stipend, kan du søke om betalingsutsetting fram til omgjeringa skjer. Vel du i staden å betale, og derfor har mindre gjeld når omgjeringa skjer enn det du får omgjort, vil du få tilbakebetalt differansen.

Dersom du ventar på å få omgjort ein del av lånet til stipend, kan du betale ned som normalt. Også då vil du få tilbakebetalt ein eventuell differanse.

Du kan betale inn ekstra

Dersom du vil betale inn ekstra, kan du gjere det når som helst ved hjelp av betalingsinformasjonen du finn på Dine sider, eller ved å auke beløpet på rekninga.

Å betale inn ekstra betyr å betale meir enn det beløpet som forfell eller har forfalle, inkludert eventuelle gebyr og forseinkingsrenter som er lagt til. 

Når du betaler inn ekstra, reduserer du den totale gjelda, og det faste terminbeløpet blir lågare resten av perioden du betaler ned på lånet. Sjølv om du betaler inn ein stor sum til Lånekassen, vil du likevel få rekning kvar månad.

Dersom du har fast rente, og ønsker å betale ekstra, bør du lese om dette lenger ned på denne sida.

Du kan ikkje betale rekningar på forskot

Det er ikkje mogleg å betale framtidige rekningar på forskot. Dersom du betaler inn eit beløp som du ikkje har fått rekning på, blir dette rekna som ei ekstra innbetaling, ikkje som eit forskot på seinare terminar. Dersom du lar vere å betale neste rekning, vil du få purring.

Dersom du ønsker å betale inn eit stort beløp for å kunne ha ein periode utan å betale, kan du gjere det slik: Betal inn beløpet, og søk om utsetting for kommande terminar. Du kan søke om utsetting for eit halvt år om gongen.

Har du fått betalingsplan?

Gjelda kan bli endra

Omgjering for 2023 skjer hausten 2024 når vi får opplysningar frå Skatteetaten. 

Dersom gjelda di blir endra, justerer vi betalingsplanen din. Vi slettar renter på lån som blir gjort om til stipend. 

Fram til omgjeringa skjer, må du følgje den betalingsplanen du har fått.

Sjekk gjelda di

Logg inn og sjå kor mykje du har i gjeld, og om noko av ho kan gjerast om til stipend.

Kvinne og mann ser saman på ein mobil på jobb. Foto.

Har du fast rente?

Dersom du har avtale om fast rente, kan du risikere at gjelda din aukar eller minkar på grunn av rentetap eller rentegevinst, når du innfrir lånet eller betaler inn raskare.

Når du inngår avtale om fast rente, inngår du samtidig ein avtale om å betale ned på lånet etter ein fast plan. Om du innfrir lånet eller betaler ekstra, bereknar vi derfor om Lånekassen tener eller tapar på at planen blir endra. Rentetapet eller rentegevinsten blir lagt til eller trekt frå gjelda di.

Rentetap om dagens fastrente er lågare enn di fastrente

Vi reknar ut kor mykje Lånekassen tapar i renteinntekter på at du betaler inn ekstra eller innfrir lånet, og legg dette beløpet til gjelda di.

Om du innfrir lånet, får du ei eiga rekning på beløpet frå oss.

Rentegevinst dersom dagens fastrente er høgare enn fastrenta di

Vi reknar ut kor mykje renteinntekter vi tener på at du betaler inn ekstra eller innfrir lånet, og trekk beløpet frå gjelda di.

Om du innfrir lånet, overfører vi pengane med beløpet til kontoen din.

Les meir om rentetap og rentegevinst

Du kan betale ned raskare

Dei fleste får nedbetalingsplan som går over 20 år. Dersom du vil betale raskare, kan du endre nedbetalingsplanen din på Dine sider.

Under kan du berekne kva du skal betale i månaden om du vel kortare nedbetalingstid.

Du kan justere nedbetalingsplanen tilbake seinare, dersom du ønsker det.

Om du framleis får lån og stipend, har fått sletta noko av gjelda eller har fått lånet ditt overført til Statens innkrevjingssentral, kan du ikkje endre nedbetalingsplanen. 

Dersom du har avtale om fast rente, kan du heller ikkje endre nedbetalingstida.

På Dine sider kan du sjå kor lang nedbetalingstida di er, og endre den.

Endre betalingsplan

Veileder betalingskalkulator

Kva er studielån?
Når blir lån gjort om til stipend?
For dei fleste skjer dette sommaren året etter at du fekk utbetalt pengar frå oss.

Aktuelt regelverk