Forkurs og sommarkurs i Noreg

Gjeld deg som skal ta forkurs eller sommarkurs i Noreg

Inntil 38 272 i lån og stipend

Du kan få stipend og lån i inntil 2 månader dersom: 
  • undervisning eller praksis skjer i sommarterminen
  • kurset er ein del av utdanningsprogrammet ditt
  • undervisningsopplegget varar i minst to veker
  • du er registrert som fulltidsstudent

Lån og stipend til sommarkurs

Til enkelte sommarkurs kan du få lån og stipend.

Basislån i inntil 2 månader

Du kan få basislån i inntil 2 månader for å ta sommarkurs. Basislån er det alle studentar kan få, og det dei fleste kallar studielån. Sommaren 2024 er basislånet 13 790 kroner per månad, og du kan berre få lån for den perioden kurset varar. Dersom du allereie har fått basislån i 11 månader, får du berre for 1 månad.

Har du barn eller nedsett funksjonsevne vil du få stipend for dette i den same perioden.

Tilleggslån i inntil 2 månader

Tar du eit sommarkurs som er godkjent som ein sommartermin ved eit universitet eller ein høgskole i Noreg, kan du i tillegg få eit ekstra lån på inntil 5 346 kroner per månad sommaren 2025.

Feltarbeid om sommaren

For å få støtte til feltarbeid må du legge ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren. Det gjeld ved fag som biologi, geologi og arkeologi.

Støtte til studier som ikkje er eit godkjent sommarkurs

Du kan søke om lån og stipend om semesteret ditt blir forlenga med minst to veker etter 15. juni. Du kan ha rett til stipend og lån dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga må skje i sommarterminen, eller om du kan dokumentere at du sparer inn på normert studietid.

For å søke om dette må du sende eit brev til oss. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsett i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.

Slik søker du om lån til sommarkurs

Du må søke før kurset er avslutta, og du skal bruke søknaden for undervisningsåret som blir avslutta den sommaren du skal ta kurset.

Gå til søkanden

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss. Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Lån og stipend til forkurs for ingeniørutdanning

Eittårig forkurs til ingeniørutdanning er for deg som manglar generell studiekompetanse eller fysikk og matematikk frå videregåande skole for å vere kvalifisert til ingeniørutdanning.

Du kan ta forkurs og realfagskurs på heiltid og deltid

Du kan få lån og stipend til forkurs for ingeniørutdanning både på heltid og deltid. Ettårig forkurs gir rett til fullt lån og stipend når utdanninga blir teken over eitt studieår. Dersom du søkjer støtte til eittårig forkurs ingeniør og vil ta dette på deltid, må du oppgi dette i søknaden. Realfagskurs i matematikk og fysikk er ei fulltidsutdanning når den blir teken som eit halvårig kurs. Nokre universitet og høgskolar tilbyr kurset som ei deltidsutdanning som kan takast over eit heilt år.

Du kan få støtte til forkurs i inntil 10 måneder

Basislån er noko alle studentar kan få, og det dei fleste kallar studielån. I studieåret 2024-2025 er basislånet 13 790 kroner per månad dersom du studerer på fulltid. Har du barn eller nedsett funksjonsevne kan du søkje om å få stipend for dette i den same perioden. Det gjer du på eigne skjema.

Gå til søknaden
Tre mannlege studenter med basketball. Foto.

Omgjering frå lån til stipend

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Fullfører du kurset og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Tilleggslånet blir ikke omgjort til stipend

Det du får i tilleggslån må betalast tilbake.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. 

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skattefastsettinga di er klar for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Det betyr at dersom sommarkurset er sommaren 2024, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2025.

Les meir om omgjering av basislån til stipend

Aktuelt regelverk