Jobb i Lånekassen

Hjelp oss å gjere utdanning mogleg for alle!

Formålet vårt er å gjere utdanning mogleg. For å få til det treng vi engasjerte, fagleg sterke medarbeidarar som samhandlar tett på tvers av fagområde.

Godkjent lærebedrift

Lånekassen er godkjent som lærebedrift i desse faga:

  • Service- og administrasjon
  • IT-utviklar
  • IT-drift

Er dette aktuelt for deg, kan du søkje på lærlingstillingar når vi kunngjer dei. Du finn oversikta over statlege lærlingverksemder og søknadsskjema hos OK stat.

Sjå ledige stillingar

Les mer om korleis vi jobbar

I Lånekassen vil du møte dyktige, engasjerte og dedikerte medarbeidarar og kollegaer frå fleire fagdisiplinar som ser styrken i å sameina ulike kunnskapsmiljø. Her får du hyggelege kollegaer og eit inspirerande miljø.

Les meir om å jobbe med IT i Lånekassen

Korleis er det å jobbe i Lånekassen?

Møt to tilsette som fortel om jobb og karriere.

Vi tilbyr

Lånekassen tilbyr fleksibel arbeidstid med moglegheit for avspasering. I perioden 15. mai til 14. september har vi sommartid med noko kortare arbeidsdag.

Tilsette får bruke inntil éin arbeidstime i veka til trening.

Vi har treningsrom i alle lokala våre. I tillegg har vi i løpet av året tilbod om ulike felles treningsaktivitetar som bootcamp, bordtennisturnering, fotball, gå-gruppe, langrenns- og springekurs, symjing, yoga og «Bruk beina»-aksjon.

Alle tilsette er medlemmer av Statens pensjonskasse og det blir dermed trekt 2 prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskott.

Lånekassen skal vere ein føretrekt arbeidsplass som mogleggjer fagleg og personleg utvikling. Vi har merksemd på framtidig kompetansebehov og riktig bruk av kompetanse, og arbeider med å utvikle medarbeidarar i takt med endringar i mål og behov.

Når du startar i Lånekassen, får du ein grundig opplæringsperiode med ein fadder. Som nytilsett deltar du også på ei introduksjonssamling der du treff andre nye kollegaer frå heile organisasjonen. Vidare har du utviklingssamtalar med leiar, der arbeidsoppgåver og kompetanseutvikling blir planlagt og evaluert. Vi har heile tida merksemd på å vere ein lærande organisasjon, som samhandlar og deler, og vi legg til rette for dette både digitalt og organisatorisk.