Nyutdanna lærarar kan få sletta studielån etter tre år i jobb

Startar du på ei grunnskolelærar- eller lektorutdanning, kan du få sletta delar av studielånet ditt dersom du jobbar som lærar i grunnopplæringa i ein oppteningsperiode etter studia.

Ordninga gjeld for studentar som starta i ei av dei aktuelle utdanningane frå og med undervisningsåret 2017-2018, og dei første kan få sletta gjeld i 2025.

For deg som tar grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7

Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 1-7, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 106 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga.

For deg som tar grunnskolelærarutdanning for trinn 5-10

Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 5-10, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som tar lektorutdanning for trinn 8-13

Dersom du fullfører lektorutdanning trinn 8-13, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som tar lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Dersom du fullfører ei lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 106 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga. Dei første kan få sletta gjeld for denne utdanninga i 2029.

Du kan få unntak frå kravet om normert tid

Hovedregelen er at du må fullføre utdanninga på normert tid, men det finst unntak. Du kan få unntak dersom årsaka til at du brukte lengre tid var at du fekk barn i utdanningsperioden, at du har nedsett funksjonsevne, og læringsmiljøet eller studiesituasjonen ikkje var tilpassa dette, eller at du hadde tillitsverv på fulltid i minst tre månader i ein landsomfattande studentorganisasjon eller liknande.

Dersom eit av unntaka gjeld for deg, må du dokumentere dette når du søker om sletting av gjeld.

Krav til oppteningsperioden

For å ha rett til sletting av gjeld må du vere yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskolen eller vidaregåande opplæring i minst tre av dei første seks åra etter at du avslutta utdanninga di. Du kan bli rekna som yrkesaktiv også i eventuelle periodar du har foreldrepermisjon, dersom du har ein stillingsprosent på minst 50.

For deg som er lærar i Nord-Noreg

Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller lektorutdanning, og jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre år, kan du få sletta 55 000 kroner av studielånet ditt. Du treng ikkje å ha fullført studia på normert tid, men du må ha jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga. Som yrkesaktiv lærar i Finnmark og Nord-Troms kan du i tillegg ha rett til å få sletta inntil 50 000 kroner av studielånet ditt per år.

Ordningane kan kombinerast

Dei forskjellige ordningane kan kombinerast. Dersom du for eksempel fullfører grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærar i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet. Jobbar du i Finnmark eller Nord-Troms etter utdanninga, kan du i tillegg få sletta 50 000 kroner kvart år.

Les også:

Eksempel på kor mykje ein lærar kan få sletta

Slik søker du om sletting av gjeld

Du kan først søke om sletting av gjeld etter at opptjeningstida er ute, det vil seie når du er ferdig med den femårige utdanninga og deretter har jobba i minst tre år som lærar i grunnskolen eller i vidaregåande opplæring. Ordninga gjeld berre for dei som starta på grunnskolelærarutdanning, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller lektorutdanning, frå og med studieåret 2017–2018. Det betyr at dei første kan få sletta gjeld etter denne ordninga i 2025. 

Søknadsfrist

Søknaden må ha kome til oss seinast seks månader etter at oppteningstida er ferdig. 

Reglane for denne ordninga finn du i kapittel 11 i forskriften om tilbakebetaling, på www.lanekassen.no/forskrifter

Andre ordningar for sletting av studielån for lærarar

Spesialisering i realfag eller språk

Hvis du fullfører visse lærarutdanningar med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta inntil 50 000 kroner av studielånet.