Folkehøgskole i Norden

Gjeld deg som skal ta folkehøgskole utanfor Norge
Basislån
13 790
i månaden

Lån og stipend for å gå på folkehøgskole i Norden

Er du elev på ein folkehøgskole, kan du få lån og stipend i inntil ti månader.

Studentar på folkehøgskole i Norden kan få basislån og i nokre tilfelle skolepengelån.

Kva er basislån?

Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån. 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend seinare.

Du får ikkje ekstra lån til å dekke utgiftene ved linja du skal gå på, eller til reise.

Kven kan få skolepengelån?

Du kan berre få lån til skolepengar dersom du må betale skolepengar til folkehøgskolen. Opphaldsbetaling som skal dekke kost og losji blir ikkje rekna som skolepengar. Det er vanleg med skolepengar i Danmark, men det er ikkje vanleg med skolepengar i Sverige.

Kor mykje skolepengelån kan du få?

Satsen for skolepengelån er maksimalt 77 192 kroner for eitt heilt studieår. Er kurset kortare får du mindre, og du kan aldri få meir enn det du faktisk må betale i skolepengar.

Kor mange månader kan du få lån og stipend?

Du får lån og stipend i mellom fire og ti månader, avhengig av kor lenge kurset varer. Dersom kurset varer i for eksempel fem og ein halv månad, får du fem og ein halv månad med lån og stipend. Vi rundar opp til nærmaste halve månad. Dersom kurset varar i mindre enn fire månader har du ikkje rett på lån og stipend.

Kven kan få lån og stipend til folkehøgskole i Norden?

Får du opptak på en folkehøgskole, kan du få lån og stipend sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse. Det er eit unntak frå regelen om krav til generell studiekompetanse for studiar i utlandet.

Du må ha tilknyting til Noreg for å lån og stipend til utdanning i utlandet. I utgangspunktet må du vere norsk statsborgar, men visse EØS- eller EFTA-borgarar og familiemedlemmene deira kan også ha rett til lån og stipend.

Kva folkehøgskoler er godkjente?

Du kan berre få lån og stipend til offentleg godkjente folkehøgskolar som gir rett til lån og stipend i «Lånekassen» i det landet du skal gå på folkehøgskole. Du kan berre få lån og stipend til kurs som varer minimum 4 månader.

Her finn du oversikt over kva utdanningar vi har gitt stipend og lån til tidlegare.

I Danmark må folkehøgskolen vere medlem av Folkehøjskolernes Forening. Du finn ein oversikt over kva skoler som er medlem på hojskolerne.dk.

Må eg betale renter på lånet?

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning.

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.

Når kan du søke

Du må ha fått plass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er:

  • 15, november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret
Gå til søknad

Dokumentasjon

Du må sende
dokumentasjon
når du har søkt

Når du har søkt om lån og stipend for å gå på folkehøgskole i Norden, må du laste opp dokumentasjon som stadfestar at du har opptak på ein folkehøgskole og kor lenge kurset varar.

Du må også dokumenter kva du skal betale til skolen, slik at vi kan vurdere om du har rett til skolepengar.

Elev vgs gutt med mobiltelefon. Foto.

Du tar opp lån når du går på folkehøgskole

Du får ikkje stipend på same måten som på vidaregåande, men inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend seinare.

Når du går på folkehøgskole, får du lån og stipend etter dei same reglane som gjeld for høgare utdanning. Det er nokre forskjellar frå det å få stipend til vidaregåande, som det kan vere greitt å vite om.

Du må betale tilbake lånet når du er ferdig med utdanninga

Når du ikkje lenger får lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan og må begynne å betale avdrag. Den første rekninga skal betalast omtrent sju månader etter den siste utbetalinga frå oss.

Lånet er rentefritt berre så lenge du får lån eller stipend til fulltidsutdanning.

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Fullfører du skoleåret og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. Dersom du bur på internat, reknar vi deg som bortebuar.

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skatteoppgjeret ditt er klart for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Det betyr at dersom du er ferdig med eit år på folkehøgskole våren 2024, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2025.

Les meir om omgjering av basislån

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss. Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Aktuelt regelverk