Yrkesutdanning i Norden

Kor mykje kan eg få?

Dette er kva du kan få i stipend og lån for eit heilt studieår:
  • inntil 123 519 i basislån
  • inntil 66 604 i skolepengelån

Stipend og lån til yrkesutdanning i Norden

Du kan få stipend og lån for å ta yrkesutdanning som er offentleg godkjent i det landet du skal flytte til og som gir rett til lån og stipend i dette landet.

Kva blir rekna som yrkesutdanning?

Du kan for eksempel få lån og stipend til å ta erhvervsutdanning i Danmark, yrkesutdanning (YH) og kommunal vaksenopplæring (komvux) i Sverige.

Alle studentar får basislån og nokre får skolepengelån

Dei fleste får to forskjellige typar lån til utdanning i Norden. Basislån og skolepengelån om du skal betale skolepengar.

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje et stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Betaler du skolepengar til skolen, kan du få lån til dekning av det, opp til eit maksbeløp.

Du søker om stipend og lån éin gong kvart år

Du må søke om studiestøtte kvart år. Skjer det noko under utdanninga, som at du sluttar før eksamen eller du vil byte utdanning, loggar du deg inn og melder ifrå til oss.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Du må sende oss informasjon etter at du er ferdig med utdanninga

Fordi vi ikkje får inn informasjon om beståtte eksamenar eller stadfesting på kor mykje skolepengar du har betalt frå utanlandske lærestader, må du sende inn denne informasjonen. Det vil seie at du må sende inn karakterutskrift eller vitnemål når du er ferdig med utdanninga, og stadfesting på kor mykje skolepengar du har betalt.

Du får beskjed frå oss når og korleis dette skal gjerast. Du må dokumentere bestått utdanning for at du skal få gjort om delar av lånet ditt til stipend.

Gå til søknaden

Yrkesutdanning på videregåande nivå

Tar du yrkesutdanning på videregående nivå, og ville hatt ungdomsrett dersom du tok vanlig videregåande skole i Noreg?
Språkkurs
Er undervisningsspråket eit anna enn engelsk, kan du få støtte til språkkurs

Krav og vilkår

Når du tar utdanning i eit anna nordisk land, er det nokre andre krav for å få lån og stipend enn i Noreg.

Du må ha opptak til ei godkjend utdanning

For å kunne få lån og stipend til utdanning i Norden, må utdanninga gi rett til støtte i «lånekassen» i det aktuelle landet.

Du må opphalde deg på lærestaden i studieåret

For å ha rett til lån og stipend, er det eit krav at du oppheld deg på skolen eller lærebedrifta.

På grunn av koronasituasjonen er det enkelte som får unntak frå denne regelen hausten 2020.


Du kan ikkje få støtte frå ein annan nordisk Lånekasse samtidig

Du har ikkje rett til lån og stipend frå Lånekassen dersom du samtidig får støtte frå ein av dei andre nordiske «lånekassane». Periodar der du får støtte frå for eksempel SU eller CSN, blir trekt frå den maksimale perioden du kan få støtte frå Lånekassen

Du må studere på fulltid

For å få lån og stipend til utdanning i utlandet, må du vere tatt opp som student til ei fulltidsutdanning.

Utdanninga må vare minst fire månader.

For å få lån og stipend til utdanning i utlandet, må utdanninga vare i minst fire månader.

 

 

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 50 000 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 100 000 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sidan av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 3 834 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
100 000
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 100 000 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 200 000 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Aktuelt regelverk