Universitet og høgskole i Norden

Heil grad og enkeltemne på eit universitet eller høgskole i eit anna nordisk land

Veileder norden helgrad

Godkjente utdanningar
Finn utdanningar som er godkjente tidlegare
Dokumentasjon
Du må sende inn dokumentasjon før, under og etter studiene
Tre mannlege studentar med med ein sykkel. Foto.

Studere i eit anna nordisk land

Lånekassen tilbyr lån og stipend til deg som skal ta ein heil grad eller enkeltemne.

Utdanninga må vere godkjent i landet du skal studere

Vi kan gi lån og stipend til universitet og både private og offentlege høgskolar i alle dei nordiske landa. Vilkåret er at utdanninga er godkjent for støtte frå «lånekassen» i det aktuelle landet.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Alle studentar får basislån

Studentar i Norden kan få same lån og stipend som dei som studerer i Noreg.

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje et stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene. Er du gift eller har samboer som du har felles barn med, beregner vi ut fra deres samlede formue

Du må vere på universitetet i studieåret

For å ha rett til lån og stipend, er det eit krav at du oppheld deg på universitetet eller høgskolen i studieåret. Du får ikkje lån og stipend om du for eksempel skriv masteroppgåve heime i Noreg.

Du kan ikkje få støtte frå ein annan nordisk Lånekasse samtidig

Du har ikkje rett til lån og stipend frå Lånekassen dersom du samtidig får støtte frå ein av dei andre nordiske «lånekassane». Periodar der du får støtte frå for eksempel SU eller CSN, blir trekt frå den maksimale perioden du kan få støtte frå Lånekassen.

Du må sende dokumentasjon kvart år

Vi får ikkje informasjon om beståtte eksamenar eller stadfesting på kor mykje skolepengar du har betalt frå lærestader i utlandet. Derfor må du dokumentere dette til oss kvart år.

Du treng ikkje hukse dette sjølv. Vi gir deg beskjed når og korleis dette skal gjerast. Du må dokumentere fagleg progresjon for at du skal få gjort om delar av lånet ditt til stipend, og for at vi skal behandle søknaden din når du søker for neste studieår.

Gjeld og nedbetaling

Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er student og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.

Gå til søknad om lån og stipend

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikkje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sida av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 443 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
115 880
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 115 880 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 231 760 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Student med hender på tastatur. Foto.

Omgjering av lån til stipend

Inntil 40 prosent av basislånet ditt kan bli gjort om til stipend om du består utdanninga di og avlegg ein grad.

Du må sende inn vitnemål for å få omgjering

Når du har avslutta utdanninga di, må du sende inn ein kopi av vitnemålet ditt og offisiell eksamensutskrift, slik at vi kan gjere om lån til stipend. Send inn resultata så fort som mogleg etter du har bestått utdanninga.

Dersom du har fått lån og stipend til skolepengar, må du også sende inn dokumentasjon frå lærestaden som stadfestar at du har betalt skolepengane.

Send inn kopi av vitnemål og offisiell eksamensutskrift innan fristen

Fristen for å få omgjering for beståtte studiepoeng, er fire år tilbake i tid, rekna frå det kalenderåret vi får resultata frå deg. Tar du ein grad som er lengre enn fire år, må du derfor sende inn resultat undervegs i graden, slik at du ikkje går glipp av omgjering.

Fristen for å få omgjering for ein fullført grad er åtte år tilbake i tid, rekna frå starten av det semesteret du bestod graden.

For å kunne få omgjering for fullført grad, må det gå klart fram av dokumentasjonen kva for grad eller kvalifikasjon du har oppnådd. Dersom du har avslutta utdanninga før du har fullført ein grad, må du gi oss beskjed.

Les dei generelle reglane for omgjering

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk