Når du er ufør

Reduksjon av gjeld for uføre.

Du kan få sletta gjeld om du:

  • er minst 40% eller 50% ufør
  • har innntekt under 487 065 kroner i 2020

Uføre kan få sletta gjeld

Blir du ufør, kan Lånekassen slette heile eller delar av gjelda din.

Du må ha uføretrygd

Du må ha fått innvilga uføretrygd frå folketrygda for å få sletta gjeld.

Du må vere minst 50 prosent ufør. Dersom du fekk AAP (arbeidsavklaringspengar) frå Nav heilt fram til du fekk vedtak om uføretrygd, er det nok at du er minst 40 prosent ufør.

Du kan søke om sletting av gjeld dersom du bur i utlandet og har fått innvilga ei yting i eit anna land som tilsvarer norsk uføretrygd. Du kan ikkje få uføretrygd frå folketrygda i Noreg

Vent med å søke til du har fått innvilga uføretrygd

Du må ha fått innvilga uføretrygd hos folketrygda før du søker om sletting av gjeld hos Lånekassen. I mellomtida kan du bruke andre ordningar for betalingsletter. Du kan søke om sletting av renter dersom du har AAP, er sjuk eller er i ein annan situasjon som gir rett til sletting. Du kan også søke om betalingsutsetting.

Inntekta di avgjer kor mykje gjeld som kan bli sletta

Du kan berre få sletta gjeld dersom du har person- og kapitalinntekt under 487 065 kroner i 2021. Dette gjeld dersom du ikkje har barn under 16 år som du forsørger. Har du barn under 16 år, kan du legge til 15 903 kroner per barn, for å sjå kva for grense som gjeld deg.

Sjå inntektsgrenser for tidlegare år

Både inntekt frå trygd og arbeid skal reknast med. Barnetillegg, og barnepensjon for barn over 16 år skal ikkje reknast med.

Gjelda blir redusert ned til faste beløp

Kor mykje du vil sitte igjen med i gjeld og kor mykje du skal betale ned i månaden, altså terminbeløpet ditt, blir berekna ut frå inntekta di, og er uavhengig av kor stor gjeld du har.

For 2021 gjeld desse grensene og summane:

Brutto person- og kapitalinntekt Ny gjeld Nytt terminbeløp
0-337 791 kr 0 kroner 0 kroner
337 792-374 998 kroner 68 268 kroner 729 kroner
374 999-411 042 kroner 79 614 kroner 875 kroner
411 043-449 079 kroner 91 125 kroner 1 031 kroner
449 080-487 065 kroner 102 471 kroner 1 175 kroner

Hugs at du skal legge til 15 903 kroner til inntektsgrensa i tabellen per barn under 16 år. Barn blir rekna

Kven blir rekna som barn? 

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med barnet minst 40 prosent av tida
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren også har felles barn. Du må bu saman med barna minst 40 prosent av tida
Gå til søknaden

Oppsagt lån

Har du
oppsagt lån
kan du også få sletta gjeld

Dersom lånet ditt er oppsagt og mellombels overført til Statens innkrevjingssentral, kan du likevel søke om å få sletta gjeld om du er ufør.

Permanent overført til Statens innkrevingssentral

Er lånet ditt permanent overført til Statens innkrevingssentral, har du ikkje lenger rettar hos Lånekassen. Då kan du søke om ettergjeving hos Statens innkrevingssentral.

Betalingsutsetting

Alle kan utsette betalinga
36 gongar

I løpet av nedbetalingstida kan alle utsette rekninga inntil 36 gongar, som tilsvarer tre år til saman. Du treng ikkje oppgi noko spesiell årsak for å få utsett betalinga.

Ver oppmerksam på at nedbetalingstida blir lengre, sidan du må betale rekninga seinare enn planlagt, og at renter blir lagt til lånet ditt også i periodar der du ikkje betaler. Det fører til at du må betale meir renter samla sett, enn om du ikkje utsett betalinga. Utset du éi rekning, utvidar vi nedbetalingstida med éin månad. Utset du to rekningar, utvidar vi med to månader, og så videre.

Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du rekningar du ikkje har fått ennå, sender vi deg ikkje rekninga.

Ekstra betalingsutsettingar i 2020 på grunn av korona

På grunn av koronapandemien kan du få utsett betalinga frå mars 2020 til og med desember 2020, utan at du bruker av dei 36 betalingsutsettingane.

Låg inntekt og sjukdom, AAP, arbeidsledig
eller andre spesielle årsaker kan gi rett til sletting av renter.
Busett i Finnmark eller Nord-Troms
Dersom du er bur i Finnmark eller Nord-Troms kan du få sletta gjeld.

Du får først eit foreløpig svar

Du får endeleg svar først når fastsettelse av inntekt er klar

Du får ikkje rekningar medan du ventar på endeleg svar

Du får eit foreløpig svar på søknaden din før gjelda faktisk blir sletta. Årsaka til det er at vi må vente på opplysningar om inntekta din frå skatteetaten før vi kan svare endeleg på om du har rett til å få redusert gjeld eller ikkje. Det betyr at vi kan gi endeleg svar først sommaren etter det året du søkte, når skattefastsettinga di er klar.

Vi bruker alltid inntektstal frå skatteetaten i behandling av søknaden. Om du har fått etterbetalt trygd eller pensjonsytingar blir det rekna med på inntekta di.

Når du fått eit foreløpig svar stoppar vi å sende rekningar til deg, medan vi ventar på inntektsopplysningane. Det blir lagt til renter i denne perioden, men om du får innvilga søknaden, blir rentene heilt eller delvis sletta i ettertid.

Får du ikkje innvilga søknaden om sletting av gjeld, må du begynne å betale i vanleg tempo når du har fått endeleg svar. Nedbetalingstida blir forlenga med den tiden du ikkje fekk rekningar. Du må dermed betale noko meir totalt, fordi det har blitt lagt til renter i perioden du slapp å betale.

Du kan søke fleire gongar

Dersom du får avslag eller berre får sletta delar av gjelda, for eksempel på grunn av etterbetalt trygd, kan du søke på nytt eit seinare inntektsår dersom inntekta din er lågare då.

Vedtak kan bli oppheva om du får stipend eller lån til utdanning på nytt

Dersom du får stipend eller lån til utdanning før det har gått 10 år, kan vedtaket om sletting av gjeld bli oppheva.

 

 

 

Aktuelt regelverk