Varig opphaldsrett i Noreg
Dokumentasjonskrav
Dersom du har eit vedtak frå Utlendingsdirektoratet (UDI) eller politiet som viser at du har varig opphaldsrett i Noreg, skal du sende inn dette.
Dersom du ikkje har eit slikt vedtak, kan du sende inn stadfesting som viser at du har hatt lovleg opphald i Noreg, at du har budd her i ein samanhengande periode på minst fem år, og at du/EØS-borgaren har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student eller har budd her med tilstrekkelege midlar.
Vi sjekkar i Folkeregisteret om du er registrert som busett i Noreg. Nordiske borgarar må også dokumentere at dei har varig opphald i Noreg etter desse reglene.