Bur i Finnmark eller Nord-Troms

Bur og jobbar du her, kan du få sletta gjeld

  • Finnmark
  • Lyngen
  • Storfjord
  • Kåfjord
  • Skjervøy
  • Nordreisa
  • Karlsøy
  • Kvænangen

Reduksjon av gjeld for deg i Finnmark og Nord-Troms

Du kan få sletta 20 prosent av lånet ditt, maksimalt 30 000 kroner, kvart år. Grunnskolelærarar kan få sletta ytterlegare 20 000 kroner.

Dersom du har budd og jobba i Finnmark eller utvalde kommunar i Troms i 12 månadar samanhengande, kan du få redusert gjelda di.

Alle kundar som både bur og jobbar i områda som er godkjende (tiltakssona), kan få sletta inntil 20 prosent av det opphavlege studielånet sitt kvart år, opptil ei grense på 30 000 kroner i året.

Dersom du jobbar som lærar i grunnskolen, kan du få sletta ytterlegare 20 000 kroner i året. Les meir om denne ordninga nederst på denne sida. 

Du må bu og jobbe i regionen i minst 12 månader

For å kunne få sletta gjeld, er det krav om at du må vere både busett og yrkesaktiv i Finnmark eller dei godkjende kommunane i Troms i ein oppteningsperiode på 12 månader. Vi reknar fleire enn berre heiltidstilsette som yrkesaktive. Du kan lese meir om krava her.

Du kan vente med å betale til søknaden er behandla

Når du har sendt inn ein søknad om sletting av gjeld, kan du vente med å betale rekningane frå oss til du får svar på søknaden. Du vil ikkje få purringar i mellomtida.

Du treng ikkje å betale avdrag på lånet

Så lenge du får sletta lån etter denne ordninga skal du betale renter, men ikkje avdrag på sjølve lånet. Det vil seie at rekningane du får det neste året etter du har fått sletta gjeld, berre inneheld renter og eventuelle gebyr.

Har du likevel betalt avdrag på lånet i perioden, kan du kontakte oss for å få refundert ein del av beløpet.

Søknadsfrist

Du må søke innan tre månader etter at du har budd i Finnmark eller Nord-Troms i eitt år. Butida på eitt år er det vi kallar oppteningsperioden. Du må ha «tent opp» eitt års butid før du kan få sletta lån.

Gå til søknaden

Bli lærar, få sletta meir gjeld!

Tar du femårig lærar- eller lektorutdanning, og jobbar som lærar i tre år, kan du få sletta gjeld. Dette gjeld i heile Noreg, men du får sletta meir gjeld dersom du jobbar i Nord-Noreg. Les meir om ordninga her.

Grunnskolelærar i Finnmark eller Nord-Troms

Du kan få sletta 20 000 kroner av lånet ditt i året.

Målet med ordninga er å rekruttere fleire kvalifiserte grunnskolelærarar lengst nord i landet. Ordninga fungerer slik at du først må jobbe som grunnskolelærar i Finnmark eller i Nord-Troms i eitt år. Deretter kan du få sletta studielån.

Sletting av lån for grunnskolelærarar kjem i tillegg til den generelle ordninga for sletting av lån, der alle som bur og jobbar i regionen kan få sletta inntil 30 000 kroner i året. Dersom du har rett til begge delar, må du derfor sende inn to søknadar – ein for kvar ordning.

Kor mykje blir gjelda redusert med?

Du kan få sletta 20 000 kroner av gjelda di kvart år. Har du mindre enn 20 000 kroner i gjeld, slettar vi resten av gjelda di.

Kven kan søke?

Ordninga gjeld deg som:

  • er lærar i Finnmark eller Nord-Troms (Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy).
  • oppfyller kompetansekrava etter opplæringslova §10-1
  • har vore yrkesaktiv i minst 50 prosent undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader

Søknadsfrist

Du må søke innan tre månader etter at du har jobba som lærar i eitt år (oppteningsperiode).

Gå til søknaden for lærarar

Aktuelt regelverk