Vidaregåande skole i Norden

Gjeld deg som tar vidaregåande utdanning i Sverige, Danmark, Finland eller Island.
Utstyrsstipend
1 359
for heile skoleåret

Stipend og lån til vidaregåande utdanning i Norden

Du kan få stipend og lån for å gå på vidaregåande skolar som er offentleg godkjent i det landet du skal flytte til og som gir rett til lån og stipend i dette landet.

Dei fleste vidaregåande skolar i Norden er godkjente

Dersom landets eigen «Lånekasse» gir stipend eller lån, er skolen også godkjent for stipend og lån frå Lånekassen i Noreg. Utdanninga du tar må vare i minst fire månader og undervisninga må skje på skolen, altså ikkje via nettundervisning. Du må også ta utdanninga på fulltid for å få stipend og lån.

Det er ulike typar stipend og lån

Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også reisestipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Skal du  betale skolepengar, kan du også få stipend og lån til dette.

Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.

Unntaket er om du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje om du sluttar midt i skoleåret.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker. Det er same fristar for alle typar stipend og lån:

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret
Gå til søknaden

Bortebuarstipend

Du kan få
6 677
kroner i månaden

Når du går på vidaregåande i utlandet kan du få bortebuarstipend om du ikkje bur saman med foreldra dine.

Det er ikkje eigen søknad om dette, men du må krysse av for at du skal bu borte frå foreldra dine i den vanlege søknaden om stipend.

Reisestipend Norden

Bidrag til
3 heimreiser
per skoleår

Bur du ikkje saman med nokon av foreldra dine, har du rett på reisestipend som tilskot for å dekke utgifter til reise mellom heimen din i Noreg og skolen.

Du får stipend etter faste satsar.

For eit heilt studieår er satsane for 2024-2025:

  • Sverige, Finland, Danmark: 5 352 kroner
  • Island: 9 042 kroner
  • Færøyene 13 044 kroner

Frå desse satsane er det trekt frå eigendelen som er på 1 401 kroner.

Dersom du skal til utlandet i kortare tid enn eit heilt skoleår, blir reisestipendet redusert.

Reiser innad i Noreg

I tillegg får du reisestipend frå foreldreheimen i Noreg til grensestasjon.

Oslo lufthavn, Gardermoen er grensestasjon for søkarar som tar utdanning i andre nordiske land enn Sverige.

Oslo lufthavn, Gardermoen, Trondheim lufthavn, Værnes eller Harstad/Narvik lufthavn, Evenes er grensestasjon for søkarar tar utdanning i Sverige.

Satsane for 2024-2025 er:

  • 2,15 kroner per kilometer for dei første 300 kilometerne
  • 1,19 kroner per kilometer for dei neste 301-1500 kilometerne
  • 0,43 kroner per kilometer for kilometere over 1500

Du får tilskot til tre tur-retur-reiser i året, altså seks enkeltreiser.

Eksempel på utregning av reisestipend

Studiested i Danmark, 400 km til grensestasjon (Oslo lufthavn Gardermoen).

Stipend Sats Antall Sum kroner
Reisestipend Danmark 5 352 1 5 352
Reisestipend i Noreg første 300 km 2,15 300x6 3 870
Reisestipend i Noreg siste 100 km 1,19 100x6 714
Totalt     9 936

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 851 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 851 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Har familien din svak økonomi?

Har foreldra dine svak økonomi, kan du ha rett til meir stipend.

Grensene for kor låg inntekta må vere varierer. Det er fordi også dette påverkar om du kan få inntektsavhengig stipend:

  • om foreldra dine bur saman
  • om foreldra dine har ny partnar
  • kor mange søsken du har
Kvinneleg og mannleg elev

Skolepengar

Skal du gå på ein skole der du må betale skolepengar, kan du få meir i stipend og lån.

Stipend til skolepengar

Du kan få stipend til å betale delar av skolepengane. Stipendet er på inntil 85 prosent av skolepengane, men det er øvre grense på 111 974 kroner per år.

Du får berre stipendet til reine skolepengar, men ikkje for eksempel programavgift til utvekslingsorganisasjonen. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.

Det er eigen søknad for stipend til delvis dekning av skolepengar.

Lån til skolepengar

Dersom du skal betale skolepengar kan du og låne inntil 32 211 i året til å dekke desse. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale. Dette søker du om i den vanlege søknaden.

Gå til søknad for stipend til skolepenger (P-skjema)

Dokumentasjon

Dersom du og eller familien din er busett utanfor Noreg, får ikkje Lånekassen informasjon frå skolen din eller folkeregisteret. Derfor må du sende ein del dokumentasjon til oss etter at du har søkt om lån og stipend.

Vi får ikkje oversikt over kva for utdanning du har opptak til, så du må sende oss stadfesting på det. Det kan for eksempel vere kopi av opptaksbrev.

Dersom foreldra dine ikkje bur i Noreg, må du sende inn dokumentasjon på om reiseavstanden mellom foreldreheimen og skolen er meir enn 4 mil, eller om reisetida er meir enn 3 timar per dag. Du må også sende inn dokumentasjon på kva adressa til foreldra dine er.

Er avstanden mellom skolen og foreldreheimen mindre enn 4 mil, må du sende inn dokumentasjon som viser reisetida og timeplanen din. Bur du utanfor foreldreheimen på grunn av personlege eller sosiale forhold, som hindrar deg i å gjennomføre skolegangen, må du dokumentere dette.

Skal du betale skolepengar, må du sende oss stadfesting frå skolen som seier kor mykje du skal betale.

Dersom foreldra dine bur i utlandet, må du sende inn kopi av fastsetting/likningsopplysningar for dei som ikkje skattar til Noreg, opplysning om foreldre si sivilstand og tal barn under 16 år (fødselsattest).

Aktuelle reglar