Forseinking, avbrot og endring i utdanninga

Om du stryk, avbryt eller byter utdanning, kan det få konsekvensar for kor mykje lån og stipend du kan få.
Du kan vere forseinka med inntil
60 sp
før det påverkar retten til lån og stipend

Når du stryk på eksamen

Stryk du på eksamen, blir du fagleg forseinka. Det kan påverke om du har rett til lån og stipend seinare, og kor mykje lån du får gjort om til stipend.

Eitt års fulltidsutdanning tilsvarer 60 studiepoeng. Du kan vere inntil 60 studiepoeng forseinka utan at det påverkar kor mykje lån og stipend du kan få. Er du forseinka med meir enn 60 studiepoeng, har du ikkje rett til lån og stipend. Men dersom det er spesielle grunnar til at du blei forseinka, kan du likevel ha rett til støtte.

Kor mykje lån som blir gjort om til stipend, er også knytt til om du består. Stryk du på éin eller fleire eksamenar, får du ikkje gjort om lån til stipend for faga du ikkje bestod. Men dersom du kan ta igjen forseinkinga innan fire år, får du likevel omgjering til stipend.

Les meir om forseinking
Hender holder åpen bok. Foto.

Når du sluttar før du er ferdig

Dersom du avbryt utdanninga du har fått lån og stipend for å ta, er det viktig at du gir oss beskjed.

Er du ikkje lenger student, har du heller ikkje krav på lån og stipend. Du må derfor gi oss beskjed om at du har slutta, slik at vi kan stoppe utbetalinga så fort som mogleg. Må du slutte fordi du blei sjuk, kan du ha krav på sjukestipend.

Du blir forseinka dersom du har fått lån eller stipend til ei utdanning du ikkje består. Det kan føre til at du ikkje får lån og stipend seinare.

Logg inn for å melde frå om avbrot

Når du byter til fleire eller færre fag

Dersom du bestemmer deg for å ta fleire eller færre studiepoeng i løpet av semesteret, kan du ha krav på meir eller mindre lån og stipend. Du må straks melde frå til oss om det.

Når du byter lærestad

Byter du lærestad etter at du har søkt om stipend og lån, må du sende oss ein ny søknad. Det gjeld sjølv om du allereie har fått svar på søknaden din og får pengar.

Aktuelt regelverk