Lån og stipend for å gå på folkehøgskole
Kva er basislån?
Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån. Du får ikkje ekstra lån til å dekke utgiftene ved linja du skal gå på, eller til reise.
Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning
For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.
Når kan du søke
Du må ha fått skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke frå midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Behandlingstid
Dei aller fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Pass på å søke så tidleg som råd, slik at du har pengane på konto når semesteret begynner.