Tidlegare studentar i kvoteordninga kan få sletta gjeld

Studentar som deltok i kvoteordninga, kan få sletta studiegjelda når dei reiser tilbake til heimlandet og buset seg varig der.

Statsborgarar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, land i Øst-Europa og Sentral-Asia som har fått utdanningsstøtte etter kvoteordninga, kan søke om å få sletta studiegjelda. Føresetnaden er at du har reist tilbake til heimlandet ditt for å busette deg varig der. 

Dersom du framleis bur i Noreg, eller har flytta til eit anna land enn heimlandet, må du betale tilbake lånet etter dei vanlege reglane. 

Dersom det er humanitære årsaker til at du ikkje kan busette deg i heimlandet, som krig, alvorleg uro eller forfølging, kan gjelda bli sletta dersom du buset deg i eit anna land som var omfatta av kvoteordninga. 

Kjem du tilbake til Noreg før det har gått ti år etter at gjelda blei sletta, vil vedtaket om sletting bli oppheva, og du må likevel betale tilbake lånet.   

Slik søker du om å få sletta lånet

Du kan søke når du kan dokumentere at du har budd i minst eitt år i heimlandet etter avslutta utdanning i Norge. Dette kan du dokumentere med ein attest frå arbeidsgivaren din. 

  • Logg inn på lanekassen.no med MinID eller BankID og bruk nettsøknaden. Legg ved attest frå arbeidsgivaren din som viser frå kva dato du har vore tilsett, og at du framleis er tilsett der.
  • Dersom du ikkje lenger har tilgang til Dine sider, må du sende attesten frå arbeidsgivaren din i posten til: 

    Lånekassen
    Postboks 450 Alnabru
    0614 Oslo.

Dersom du ikkje har vore i arbeid i perioden, kan du ta kontakt med Lånekassen.