Dersom du planlegger høgare utdanning i eit ikkje-engelskspråkeg land utanfor Skandinavia, kan du få lån og stipend i inntil 2 semester for å ta språkkurs.
Du kan få same lån og stipend som andre studentar i utlandet for å ta eit lengre språkkurs.
Basislån
Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.
Andre stipend og lån
Du har også rett på lån og stipend til reiser, og til skolepenger om du må betale for det.
Krav til lengre språkkurs
Kurset må vare i minst tre månader med minimum 15 timer undervisning per veke.
Kurset må vere på eit universitet eller ein språkskole med offentleg akkreditering. Kurset ved ein språkskole må bli avslutta med ein offisiell språkeksamen som dannar grunnlag for opptak til høgare utdanning i det aktuelle landet.
Du må planlegge å ta utdanning i det aktuelle landet
Du treng ikkje å ha opptak til vidare utdanning for å kunne søke om lån og stipend til språkkurset, men du må planlegge å ta universitets- eller høgskoleutdanning i det landet. Utdanninga du planlegg må vere godkjend for stipend og lån frå Lånekassen.
Dersom det ikkje finst godkjent språkkurs i landet du planlegg å ta utdanning i etter språkkurset, kan du ta språkkurset i eit anna land der språket er offisielt språk.
Omgjering
Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend om du består språkkurset. For at vi skal kunne gjere om basislånet til stipend må du sende oss kopi av kursbevis og eventuell stadfesting som viser bestått eksamen.