Du kan utsette rekninga 36 gongar
Hugs dette:
- avtalegiro - du må sjølv stoppe trekket i nettbanken
Du kan utsette betalinga
Søk om betalingsutsetting
Det første du bør gjere når du ikkje kan betale ei rekning, er å søke om betalingsutsetting. Du kan utsette rekninga 36 gongar som tilsvarer 3 år, og det er ingen bestemte vilkår du må oppfylle for å utsette betalinga.
Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du framover i tid, sender vi deg ikkje rekninga.
Dersom betalingsfristen er passert kan du også få betalingsutsetting, men det er best om du søker før fristen. Da slepp du ekstra gebyr.
Dette skjer når du utset betalinga
Når du får betalingsutsetting blir nedbetalingstida utvida tilsvarande, og det blir lagd til renter for dei månadane du ikkje betaler.
Eventuelle forseinkingsrenter og purregebyr som er lagt til lånet ditt, blir ikkje sletta sjølv om du utset rekninga, men det blir lagt på den neste rekninga du skal betale.
Du får fleire betalingsutsettingar dersom du får sletta renter
Er du i ein bestemt situasjon som gjer at du har låg inntekt, kan du få sletta renter på lånet. Dei månadane du får sletta renter kan du utsette betalinga utan å bruke av kvota på 36 betalingsutsettingar. Sjå kva for situasjonar som gir rett til sletting av renter.