Studielån i Lånekassen

Kva vil det seie å ta opp eit studielån?

Dette kjenneteiknar studielån

  • delar av lånet kan bli gjort om til stipend
  • er rentefritt når du tar utdanning på fulltid
  • har inkludert gjeldsforsikring ved uførleik eller død
  • • har fleire sosiale ordningar knytt til seg

Kva er studielån?

Dei aller fleste studentar i Noreg har studielån frå Lånekassen. Det treng dei for å dekke utgifter til bustad, mat og studiemateriell. Eit lån i Lånekassen er ikkje heilt det same som lån i ein bank. Eit lån hos oss har fleire fordelar samanlikna med andre lån.

Dette er forskjellen på stipend og lån

Dei fleste som går på vidaregåande får berre stipend. Stipend er pengar du ikkje treng å betale tilbake. På høgare utdanning, for eksempel universitet og høgskole eller fagskole, er det vanleg med ein kombinasjon av lån og stipend. Lån er pengar du må betale tilbake seinare med renter.

Delar av studielånet kan bli gjort om til stipend

Inntil 40 prosent av det du får i lån på høgare utdanning kan bli gjort om til stipend. Krava for å få lån gjort om til stipend er at du ikkje bur saman med foreldra dine, at du består utdanninga di og at du har inntekt og formue under ein viss sum.

Du kan søke om redusert lån

Du kan velje å søke om berre den delen av lånet som seinare kan bli gjort om til stipend. Dersom du seinare oppfyller vilkåra for omgjering, blir heile gjelda di sletta.

Ordningar for ulike livssituasjonar

Når du søker om studielån, vurderer Lånekassen om du har rett til andre stipend eller lån. Dette kan for eksempel vere om du må betale skolepengar, har barn, er over 30 år eller har nedsett funksjonsevne. Dersom du blir sjuk eller får barn når du studerer, har vi også ordningar for det.

Lånet er rentefritt når du tar utdanning

Så lenge du får lån og/eller stipend frå oss til fulltidsutdanning, er lånet rentefritt.

Det betyr at lånet ikkje kostar noko når du tar utdanning. Du treng heller ikkje betale ned på lånet når du studerer på fulltid med lån og stipend frå Lånekassen.

Tilbakebetaling av studielån

Når du er ferdig med utdanninga di, skal du begynne å betale på lånet, men det er ein betalingsfri periode på omtrent sju månader frå du er ferdig til du skal betale første rekning.

Du betaler avdrag og renter når du ikkje lenger studerer

Det lånet du sit igjen med etter at noko er gjort om til stipend, må betalast tilbake. Det blir lagt til renter på lånet frå du er ferdig med utdanninga og heilt til lånet er nedbetalt.

Rentene i Lånekassen blir endra seks gongar i året, og er til ei kvar tid omtrent lik rentene for eit vanleg bustadlån.

Det finnast sosiale ordningar når du betaler tilbake på lånet

Dersom du blir ufør, sjuk eller hamnar i andre situasjonar som gjer at du har låg inntekt, kan du få sletta noko av lånet, eller få sletta renter.

Vidare kan alle utsette betaling av rekninga 36 gongar, som tilsvarer tre år til saman.

Studielånet er personleg

I motsetning til banklån, blir studielån gitt utan tryggleik i bustad eller annan verdi. Studielånet blir sletta dersom den som har det dør.

Gjeld etter fullført utdanning varierer

Kor mykje du har i gjeld etter at du er ferdig med utdanninga di er avhengig av kor lenge du har studert, om du har studert i Noreg eller i utlandet og om du tok fullt lån eller ikkje.

Dersom du har basislån, som er namnet på lånet dei fleste studentar har, og får 40 prosent av lånet gjort om til stipend, kan du rekne med ei total gjeld på cirka 240 000 kroner etter tre år med studielån.

Har du tatt opp lån til skolepengar, studert i utlandet eller ikkje oppfyller vilkåra for omgjering, må du rekne med å få høgare gjeld.

Du må betale kvar månad

Nedanfor kan du berekne omtrent kva du skal betale på studielånet kvar månad.

Dei fleste betaler ned i løpet av 20 år

Vanleg nedbetalingstid er 20 år, og dei fleste klarer fint å betale ned i løpet av desse åra.

Har du låg gjeld blir nedbetalingstida kortare, og du kan sjølv velje å betale ned raskare dersom du ønsker det.

Stipend og lån
Les meir om hva du kan få i stipend og lån.
Renter og gebyr
Les om renter og gebyr i Lånekassen.
Omgjering
Les om omgjering frå lån til stipend.
Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar

Veileder betalingskalkulator

Aktuelt regelverk