Søknad om stipend og lån til gradsutdanning utanfor Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, samt den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend, flyktningstipend og stipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet for første gang, må du sende inn:

  • Vitnemål frå vidaregåande skole eller anna stadfesting som viser at du har oppnådd generell studiekompetanse i Norge (berre om du skal studere utanfor Norden).
  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden (unconditional offer).
  • Stadfesting frå lærestaden som viser kor mykje du skal betale i skolepengar (tuition fee).

Er du allereie student i utlandet og skal fortsette utdanninga, må du ha sendt inn skjema for Årleg kontroll for førre studieår.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Bur du heime i studieåret 2020-2021 på grunn av koronapandemien?

Dersom du studerer i utlandet, men bor mellombels i foreldreheimen i studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien, blir du ikke rekna som å bu saman med foreldra dine.

Kravet om å opphalde seg på lærestaden gjeld ikkje dersom ei utdanning som normalt er stadbasert, blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien.

Dersom du skal studere i utlandet og ikkje kan opphalde deg på lærestaden ved studiestart på grunn av koronasituasjonen, skal du derfor likevel svare ja på følgande spørsmål i søknaden: «Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga?».

Årets søknad
2021–2022

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2021–2022.

Søknadsfristen er 15. mars 2022.

Somme kan stadig søke for
2020-2021

Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2021, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.