Flygarutdanning er som regel ei fagskole- eller bachelorutdanning. Gå til sidene for fagskole eller universitet og høgskole for å berekne kor mykje lån og stipend du kan få.
I tillegg kan du få eit ekstralån til skolepengar på inntil 450 024 kroner per studieår i maksimalt to år.
Skal du ta flygarutdanning i Luftforsvaret, får du ikkje lån og stipend, fordi du får lønn under utdanninga.
Det er ikkje ein eigen søknad om ekstralånet, du søker automatisk om det dersom du vel maksimalt lån i den vanlege søknaden og tar ei godkjend trafikkflygarutdanning.
Konkurs ved Pilot Flight Academy
Dersom du tok utdanning ved Pilot Flight Academy og vart ramma av konkursen i januar 2026, kan du lese meir på sida Konkurs ved Pilot Flight Academy.
Ikkje lån og stipend til trafikkflygarutdanning i utlandet
Lånekassen gir ikkje støtte til trafikkflygarutdanning utanfor Norden. Innafor Norden kan du berre få lån og stipend til trafikkflygarutdanning ved offentlege høgskular eller universitet.
