Godkjente utdanningar

Veileder LUT

Kva utdanningar i utlandet kan eg få støtte til?

Generelle krav for støtte til utdanningar i utlandet

Utdanningane må vere på fulltid og det skal vere stadbaserte utdanningar. Det vil seie at du må følge regelmessig undervisning/rettleiing på lærestaden. Vi gir ikkje støtte til fjernundervisning/nettstudium/samlingsbaserte utdanningar i utlandet.

Du kan likevel få eit avgrensa lån til dekning av skolepengar til nettstudium i andre EØS-land enn Noreg. Her er det ikkje krav til fulltidsutdanning. Utdanninga må likevel fylle dei ordinære vilkåra om at den skal vere likestilt norsk høgare utdanning.

Land utanfor Norden

Lånekassen gir støtte til utdanningar i land utanfor Norden som kan gi grunnlag for generell godkjenning frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som likestilt med norske bachelor-, master og Ph.d.-utdanningar.

Vi gir også i nokre tilfelle støtte til utdanning som er tilsvarande vidaregåande opplæring i Noreg og til yrkesfaglege utdanningar.

Lånekassen kan gi støtte til språkkurs i andre språk enn engelsk som blir tilbydt ved eit universitet eller ved ein språkskole med offentleg akkreditering.

Utdanningar vi ikkje støtter

  • flygarutdanningar
  • helsefagleg utdanningar i fagområde som ikkje er eit lovregulert helsefagleg yrke i Noreg
  • Medisinutdanning i land utanfor Europa, USA, Canada og Australia

Norden

Utdanninga må vere godkjent i landet du skal til.

Vi kan gi lån og stipend til universitet, høgskolar, vidaregåande skolar, yrkesutdanning og folkehøgskolar i alle dei nordiske landa.

Vilkåret er at utdanninga er offentleg godkjent i studielandet og godkjent for lån og stipend frå «Lånekassen» i det aktuelle landet. Du kan lese meir om spesielle krav og vilkår inne på sidene for utdanning i Norden.

Skal du studere helsefag?
Set deg inn i reglene for autorisasjon

Aktuelt regelverk