Fagskole

Her finn du informasjon om kor mykje lån og stipend du kan få.

Fagskole

Kvinneleg og mannleg student byggjar med treklossar. Foto.

Fagskoleutdanning

Du kan få lån og stipend til fagskoleutdanningar som er godkjende av NOKUT.

Dersom du er usikker på om utdanninga di er godkjent for lån og stipend frå Lånekassen, kan du kontakte oss eller sjå NOKUT si oversikt over godkjende fagskoletilbod.

Alle studentar får basislån

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke frå starten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid

Dei aller fleste søknadane blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle. Pass på å søke så tidleg som mogleg, slik at du har pengane på konto når semesteret begynner.

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale. Det tar cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.

Gå til søknaden

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 55 820 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 111 640 kroner til saman. Inntekt og formue har ikje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sidan av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 280 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
111 640
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 111 640 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 223 280 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Viktig å bestå utdanninga

Når du får lån frå Lånekassen, er det eit krav at du skal bestå utdanninga. Består du mindre utdanning enn du har fått lån til, har det konsekvensar for om du kan få meir stipend og lån seinare, og kor mykje lån som blir gjort om til stipend.
Inntektsgrensa er
214 213
for 2024

Kor mykje kan eg tene?

For å få fullt stipend kan du ikkje tene meir enn 214 213 kroner i 2024, dersom du får stipend og lån for heile året.

I tillegg til at du må bestå utdanninga di, er det også eit krav om å ikkje tene for mykje.
Merk at inntektsgrensene gjeld for kalenderåret og ikkje studieåret. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare.

Du mister ikkje heile stipendet om du har inntekt litt over grensa, men vi reduserer det gradvis etter kor stor inntekt du har hatt.

Vi ser også på trygd og formue.

Formue og trygdeinntekter kan også påverke kor mykje av basislånet som kan bli til stipend.

Inntekt og formue

Når ting skjer

Blir du sjuk i løpet av utdanninga eller får barn, kan du få ekstra stipend på grunn av det.

Aktuelt regelverk