Kundesenteret vårt har ope på kvardagar kl. 09.00-15.00 Kontakt oss på telefonnummer
+ 47 21 49 60 00
Det er vanlegvis kortast ventetid på telefon mellom 09 og 11.
Lanekassen.no bruker cookies til å analysere trafikken på nettstaden, slik at vi kan forbetre informasjonen og tenestene våre.
Du må signere avtalen om støtte og registrere eit gyldig kontonummer på Dine sider.
I tillegg må lærestaden din gi oss informasjon. Er du elev på vidaregåande må skolen gi oss beskjed om at du har møtt opp på skolen.
Du må signere avtalen om støtte og registrere et gyldig kontonummer på Dine sider.
I tillegg må lærestedet ditt gi oss informasjon. Er du elev på videregående må skolen gi oss beskjed om at du har møtt opp på skolen.
Er du student på offentleg høgare utdanning? Før vi kan overføre pengar, må du:
Da vil lærestadet gi oss melding. Studerar du privat eller følgjer nettundervisning, gjeld eigne utbetalingsvilkår.
Når du har oppfylt vilkåra for å få utbetalt pengane, overfører vi dei. Det vil ta 2-3 dagar frå vi utbetaler pengane til du har dei på din konto. Deretter får du ei utbetaling den 15. kvar månad resten av semesteret dersom du studerer i Noreg. Studerer du i utlandet, får du utbetaling for heile semesteret med den første utbetalinga.
Når du er under 18 år er det ein av foreldra dine (ev. verje) som skal signere på dine vegne. Begge foreldra får tilsendt avtalen enten i digital postkasse (Digipost eller E-boks) eller som brev i posten, men det er nok at éin av dei signerer avtalen. Foreldre signerer digitalt i tenesta Foreldresignering med BankID eller tilsvarande. Dersom du er under 18 år og har søkt om lån i tillegg til stipend skal du signere avtalen saman med éin av foreldra dine.
Når du er over 18 år skal du signere avtalen sjølv. Det gjer du ved å logge inn på Dine sider og finne avtalen som skal signerast. Du må bruke BankID eller tilsvarande for å signere digitalt.
Dersom du ikkje får til å signere, kan du oppdatere til nyaste versjon av nettlesaren eller bruke ein annan nettlesar.
Lån blir gjort om til stipend året etter du tok eksamen. Årsaka er at vi venter på inntektsopplysningar frå skatteetaten for året som er gått.
Vi begynner å sende ut vedtak om omgjering i juni, og sender ut vedtak gjennom sommaren. Nokre får vedtaket sitt i juni eller juli, medan andre må vente lengre.
Alle kan utsette betalinga inntil 36 gonger, som tilsvarer tre år. Du treng ikkje å forklare kvifor du vil ha betalingsutsetting.
Dersom du bruker opp dei 36 utsettingane, kan du ikkje utsette fleire rekningar med mindre du har rett til å få sletta renter.
På grunn av koronasituasjonen kan du få utsett betalinga frå mars 2020 til og med desember 2022, utan at du bruker av dei 36 betalingsutsettingane. Dette gjeld berre rekningar med betalingsfrist før 31.12.2022.
Lånet ditt er rente- og avdragsfritt så lenge du får lån og stipend til fulltidsutdanning frå oss. Får du ikkje lenger lån og stipend til fulltidsutdanning, blir lånet rentebærande og du må begynne å betale etter ein betalingsfri periode på omtrent sju månader. Det gjeld både om du avsluttar eller avbryt utdanninga di, om du går over til deltidsutdanning eller om du studerer utan lån og stipend frå Lånekassen.
Du får ein betalingsplan frå oss når du skal begynne nedbetalinga.
Kundesenteret vårt har ope på kvardagar kl. 09.00-15.00 Kontakt oss på telefonnummer
+ 47 21 49 60 00
Det er vanlegvis kortast ventetid på telefon mellom 09 og 11.
Du kan ikkje levere post til kontoradressa vår. Lånekassen har ei felles postadresse for alle kundebrev
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo
Søknader om lån og stipend til utdanning som må bli behandla av ein saksbehandlar, har for tida 7 ukers saksbehandling.
Du bør alltid logge deg inn på Dine sider dersom du er usikker på om du har fått ei ekte rekning eller når du skal oppgi informasjon til Lånekassen.
Dersom du opplever tekniske problem med Lånekassens tenester, vil vi gjerne at du melder frå om det til oss.
Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt når du sender inn teknisk feilmelding.
Foreldre må ha fullmakt når dei ringer for barn over 18 år
Ønsker du at foreldra dine skal ta kontakt med Lånekassen på dine vegne, må dei ha fullmakt dersom du er over 18 år.
For å gi fullmakt til foreldra dine må du sende oss anten:
Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt når du ringer sentralbordet eller sender e-post
+47 21 70 40 00 (mandag–fredag kl. 09.00–15.00)
E-post om administrative spørsmål eller meldingar.
Sentralbordnummeret og e-postadressa skal berre brukast til kontakt om leverandørfakturaer, anskaffingar, jobbsøknader eller andre saker som ikkje gjeld enkeltkundar.
Dokument som gjeld anskaffingar og annan administrativ kontakt, , sendast til:
Statens lånekasse for utdanning
P.B. 191 Økern
0510 OSLO
Fakturaer sendast til:
Lånekassen
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746
7468 Trondheim
Vi har ikkje kundemottak på kontoradressene
I arbeidsflata skal du:
+47 21 49 25 50 (mandag–fredag kl. 09.00–15.00)
Statens lånekasse for utdanning
P.B. 191 Økern
0510 OSLO
Har du problem med innlogging eller signering av avtale om støtte?
Innloggingsløysninga vår er ID-porten, som ikkje er drifta av Lånekassen. Har du spørsmål om innlogging eller signering, kan du ringe Digitaliseringsdirektoratet på telefonnummer
+47 80 03 03 00 (kvardagar 08-15.30).
Skal du signere avtale om støtte for eit barn under 18 år, kan du gå til foreldresignering.