Kva skal til for å få omgjering?
Du må bu borte
Du kan ikkje få gjort om lån til stipend for periodar du har budd heime hos foreldra dine. Når du søker om lån, oppgir du om du skal bu heime eller borte medan du studerer. Er du gift eller har barn du bur saman med, behandlar vi deg som bortebuar, sjølv om du bur hos foreldra dine.
Du treng ikkje å endre adresse i folkeregisteret, men du kan bli bedt om å dokumentere at du faktisk har vore bortebuar.
Unntak frå vilkår om å bu borte våren 2020
Alle elevar og studentar som fekk støtte som bortebuarar, men som måtte flytte heim til foreldra sine på grunn av koronapandemien, blir rekna som bortebuarar våren 2020. Dette gjeld både studentar og elevar i Noreg og i utlandet.
Du må bestå utdanninga
For å få full omgjering må du bestå like mange studiepoeng som du har fått lån til å ta. For ein del utdanningar er det nok å bestå eksamen eller kurset, men går du på eit universitet eller ein høgskole, må du fullføre ein heil grad for å få full omgjering.
Dersom du blir forseinka, for eksempel fordi du stryk på éin eller fleire eksamenar, får du ikkje gjort om lån til stipend for dei faga du ikkje har bestått. Du kan likevel få omgjering om du hentar inn forseinkinga seinare.
Du må ikkje ha for høg inntekt eller formue
Inntekta og formuen din er også med på å avgjere kor mykje av basislånet som kan bli gjort om til stipend. Vi bruker tal frå fastsettinga, som vi får frå skatteetaten. Fastsettinga gjeld for kalenderåret, og derfor gjer vi om lån til stipend for eitt og eitt kalenderår, ikkje for kvart studieår.
Du får eit vedtaksbrev når vi har sjekka inntekt og formue, og når vi gjer om lån til stipend.