Kva skjer med studielånet når du begynner på ei ny utdanning?
Det vil seie at du framleis må betale på lånet om du studerer på deltid, altså dersom du skal ta mindre enn 30 studiepoeng eller tilsvarande per semester. Du må også framleis betale dersom du studerer utan stipend eller lån frå oss.
Du kan få lån og stipend i til saman åtte år
Åtte år er grensa for kor lenge du kan få lån og stipend frå Lånekassen. Regelen gjeld sjølv om du får støtte til deltidsutdanning, men du kan få utvida grensa dersom du har blitt forseinka i utdanninga på grunn av sjukdom, nedsett funksjonsevne eller at du har fått barn.
Studerer du på deltid eller utan lån og stipend, kan du få sletta renter
Dersom du studerer utan lån og stipend frå Lånekassen, eller du får lån og stipend til deltidsutdanning, er ikkje lånet du har frå før, rentefritt medan du studerer. Du kan likevel ha rett til å få sletta renter på lånet for perioden du studerer. Studerer du på deltid er det i tillegg krav om at du har inntekt under grensa for sletting av renter.
Studerer du på fulltid utan lån og stipend frå oss, er det ikkje noko inntektsgrense.
Det er eit vilkår at du må ha rett til lån og stipend frå Lånekassen, for å ha rett til å få sletta renter på grunn av utdanning. Å ha rett til lån og stipend betyr at du ville fått lån og stipend dersom du hadde søkt om det.