Kva er foreldrestipend?
Kor mykje får eg utbetalt kvar månad?
Dersom du er student i høgare utdanning, vil du få utbetalt ein sum som er gjennomsnittet av det du har fått utbetalt dei siste fire månadene før du gjekk ut i permisjon.
Dersom du er elev på vidaregåande, og oppfyller desse tre krava, får du fullt foreldrestipend:
- Du har ikkje oppnådd studie- eller yrkeskompetanse
- Du fyller ikkje meir enn 20 år i det kalenderåret skoleåret startar
- Du tek ikkje fag på vidaregåande som privatist
I dette tilfellet vil du få fullt foreldrestipend, også om du studerer på deltid.
Fram til studieåret 2025-2026 gjeld dette også elevar i vidaregåande opplæring som er med i ei overgangsordning. Du kan lese meir om overgangsordninga i denne artikkelen.
Slik søker du om foreldrestipend
Du kan søke om foreldrestipend først etter at barnet er født. Dette er ein eigen søknad som du finn lenke til på denne sida. Før du søker om foreldrestipend, må du ha søkt om lån og stipend på vanleg måte. For å få foreldrestipend, må du enten framleis vere i utdanning, ha permisjon frå utdanninga, eller ha reservert ein studieplass.
For deg som går på vidaregåande eller er lærling
Kor mykje du kan få i foreldrestipend, er avhengig av to ting. Det eine er om du får trygde- og pensjonsytingar eller har lærlinglønn. Det andre er inntekta til ektefellen eller sambuaren din, dersom du har det. Då kan du få mindre foreldrestipend. Dersom du får overgangsstønad, kan du berre få foreldrestipend om du er over 18 år. Då vil du også få mindre i stipend.