Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Kundeservice


    På Dine sider kan du

    Gjør det selv

    Gjer det sjølv

    For deg som betaler på studielånet

    Gå til guidane

    Ofte stilte spørsmål

    Kor lang er behandlingstida no?

    Behandlingstid på søknader

    Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk og du får svar i løpet av ein vyrkedag. Nokre søknader må sjåast på av ein saksbehandlar og blir lagde i ein behandlingskø. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

    Behandlingstid når vi treng meir dokumentasjon frå deg

    Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon tek vi behandlinga av søknaden din opp igjen, og du vil få svar etter cirka ei veke.

    Behandlingstid når du har sendt oss dokumentasjon vi ikkje har etterspurt

    Eksempel på slik dokumentasjon kan vere nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om utdanningsstøtte, søknad om foreldrestipend eller søknad om ekstrastipend. I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

    Har du sendt oss dokumentasjon før 1. oktober?

    Har du sendt oss dokumentasjon før 1. oktober, er behandlingstida 12-14 veker.

    Har du sendt oss dokumentasjon etter 1. oktober?

    Har du sendt inn dokumentasjon etter 1. oktober er behandlingstida.10 veker.

    Behandlingstid på klagar

    Venta behandlingstid på klagar er for tida 8 veker. Dersom du har ein klage som skal vurderast i klagenemda, finn du møtedatoar og informasjon her.

    Svartid på e-post

    For tida svarer vi på e-post du har sendt oss innan 5 dagar.

    Når skjer omgjeringa av lån til stipend?

    Er du bortebuar og i høgare utdanning, kan inntil 40 prosent av lånet ditt gjerast om til stipend. Omgjeringa skjer automatisk.

    Dine sider kan du sjå kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend. 

    Omgjeringa skjer i november

    Inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan gjerast om til stipend. Derfor må vi vente på likningsopplysningane som kjem i november, året etter at du fekk støtte.

    • Omgjering for utdanning bestått i 2016 skjer i november 2017
    • Omgjering for utdanning bestått i 2017 skjer i november 2018

    Du får eit brev når omgjeringa er gjort, med oversikt over kor mykje av lånet ditt som er gjort om til stipend.

    Vilkår for omgjering

    • Du kan ikkje bu saman med foreldra dine
    • Du må bestå utdanninga du har fått støtte til
    • Du kan ikkje ha inntekt, trygd eller formue over gjeldande grenser

    Les meir om omgjering av lån til stipend.

    Eg kan ikkje betale rekninga mi. Kva gjer eg?

    Dersom du ikkje kan betale rekninga di, kan du utsetje betalinga. Du søkjer om betalingsutsetjing på Dine sider.

    Du kan velje å ikkje betale den siste rekninga dine og framtidige rekningar, opptil seks forfall av gongen. Du kan også utsetje rekningar som har forfalt. Du treng ikkje å oppgi nokon grunn til at du søkjer om betalingsutsetjing.

    Du har 36 utsetjingar du kan bruke. Les meir om betalingsutsetjing her.

    I denne guiden ser du korleis du søkjer om betalingsutsetjing og fyller ut periodane riktig.

    Søk om betalingsutsetjing

    Utbetaling av studiestøtte - høgare utdanning

    For at vi kan utbetale stipend og lån må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt somme vilkår. På Dine sider ser du status på søknaden din.

    For å få pengane utbetalte må du

    • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldd deg opp til eksamen, og vi må ha fått stadfesta studentstatusen din frå lærestaden.
    • signere avtalen om støtte. Har du fått støtte for heile året, treng du ikkje signere på nytt.
    • ha eit gyldig kontonummer.

    Når alle vilkåra for utbetaling er oppfylte, tek det ein til to vyrkedagar før pengane er på konto. Pengane blir utbetalt månadleg, normalt den 15. kvar månad.

    Behandlingstid

    Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar. Har du sendt inn dokumentasjon og bedt om ei ny vurdering av ein søknad som er ferdig behandla, må du rekne med lengre behandlingstid.

    Les meir om behandlingstid her. 

    Har du bli bedt om å sende inn dokumentasjon?

    Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon, kan du laste den opp på Dine sider. I postkassen på Dine sider ser du kva vi har motteke av dokumentasjon frå deg.

    Sjå status på søknaden din på Dine sider

    På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling og når du får pengane utbetalte.

      Logg inn på Dine sider

    Utbetaling av stipend - videregåande opplæring

    Før vi kan utbetale stipendet ditt må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt nokre vilkår. På Dine sider kan du sjå status på søknaden din.

    For å få utbetalt pengane må

    • lærestaden ditt ha meldd inn at du har møtt til undervisning (ein gong kvart semester).
    • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
    • du ha signert avtalen om støtte.

    Du får heile utstyrsstipendet ved skolestart dersom du har søkt om støtte for heile undervisningsåret. Når alle vilkåra for utbetaling er oppfylte, tek det ein til to vyrkedagar før pengane er på konto.

    Behandlingstid

    Dei fleste søknader blir behandla automatisk, men somme må sjåast på av ein saksbehandlar. Har du sendt inn dokumentasjon og bedt om ei ny vurdering av ein søknad som er ferdig behandla, må du rekne med lengre behandlingstid.

    Les meir om behandlingstid her. 

    Har du bli bedt om å sende inn dokumentasjon?

    Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon, kan du laste den opp på Dine sider. I postkassen på Dine sider ser du kva vi har motteke av dokumentasjon frå deg.

    Sjå status på søknaden din på Dine sider

    På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling og når du får pengane utbetalte.

     {DynamicContent:Button}

    Foreldresignering

    Foreldre/verje skal signere avtalen om støtte til elevar under 18 år. Vi treng berre signatur frå ein av foreldra.

    Når eleven søkjer om stipend frå Lånekassen, får eleven svar på Dine sider på lanekassen.no, og kan følgje saka si der. Foreldre/verje* skal signere for eleven og får ein kopi av svaret eleven har fått frå Lånekassen. Den forelderen som skal signere kan bruke den same BankID som dei bruker i sin eigen nettbank.

    Les mier om foreldresignering.


    Spørsmål knyttet til stipend, lån og tilbakebetaling

    Spørsmål om stipend, lån og tilbakebetaling

    + 47 21 49 60 00

    Mån - fre kl. 09:00 - 15:00

    Spørsmål om PIN-koder, innlogging til Dine sider og Idporten

    Spørsmål om PIN-koder, innlogging til Dine sider og Idporten

    + 47 80 03 03 00

    Man - fre kl. 08:00 - 15:30

    Foreldre må ha fullmakt når dei skal ringe for barn over 18 år

    Ønskjer du at foreldra dine skal ta kontakt med oss på dine vegner, må du gi dei fullmakt dersom du er over 18 år. For å gi foreldra dine fullmakt må du sende oss anten

    Postadresse og faksnummer

    Lånekassen har ei felles postadresse og eit faksnummer for alle kontora:

    Postadresse
    Lånekassen
    Postboks 4551
    8608 Mo i Rana

    Faksnummer
    22 72 02 64

    Kontoradresser

    1. mai 2017 stengde vi kundemottaka våre permanent, men vi hjelper deg gjerne på telefon eller e-post.

    Kontor Besøksadresse Vis i kart
    Bergen
    Bradbenken 1 Kart
    Oslo Østre Aker vei 20 Kart 
    Stavanger  Lagårdsveien 44 Kart
    Tromsø   Søndre Tollbodgate 7 Kart
    Trondheim   Søndre gate 14 Kart
    Ørsta   Vikeøyrane 7    Kart

    Kontaktinformasjon for leverandørar og andre samarbeidspartnarar

    • Sentralbord: 21 70 40 00 (mån–fre 09.00–15.00) 

    Sentralbordnummeret og e-postadressa gjeld spørsmål om :

    • leverandørfakturaer
    • anskaffelser
    • jobbsøknader
    • innsyn i dokument
    • andre saker som ikkje gjeld enkeltkundar

    Sentralbordet svarar ikkje på spørsmål om stipend og lån.

    Dokumenter

    Send dokument som gjeld anskaffelser, jobbsøknader og andre administrative spørsmål til:

    Statens lånekasse for utdanning
    P.B. 191  Økern
    0510  OSLO

    Fakturadresse

    Send fakturaer til:

    Lånekassen
    Fakturamottak DFØ
    Postboks 4746
    7468 Trondheim

    Kontakt for tekniske problemer

    Sende melding om tekniske feil

    Her kan du melde frå om tekniske feil med Lånekassen sine tenester. Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt. Treng du hjelp til å logge inn på Dine sider, kan du få hjelp her.

    For å ettersende dokumentasjon, må du ofte ha den nyaste versjonen av nettlesaren din. Det fungerer for eksempel ikkje å laste opp dokumentasjon med Internet Explorer 7, men det fungerer med Internet Explorer 11.
    Har du problem med elektronisk signering?
    Problem med å signere avtale om støtte, skjer i dei aller fleste tilfelle fordi BankID ikkje er aktivert ordentleg. Les om problem med signering her.
    Får du ikkje opna brev i postkassen på Dine sider?
    Ved problem med å opne brev i postkassen, for eksempel får du bare opp ei kvit side, bør du installere eller oppdatere Adobe Reader. Eventuelt kan du prøve å opne breva på ein annan maskin.

    Dette bør stå i meldinga du sender

    Når du sender melding til oss om tekniske feil, er det fint om du svarer på så mange av punkta som du klarer i skjemaet. Det gjer det enklare for oss å finne feilen:

    • Kvar (i kva teneste) opplever du problemet?
    • Kva er problemet du opplever?
    • Kva feilmelding(ar) får du?
    • Kva nettlesar bruker du? Kva versjon av nettlesaren har du? Har du forsøkt å oppdatere nettlesaren din for å sjå om det hjelper på problemet du opplever?
    • Kva slags operativsystem bruker du (for eksempel Windows 7,  iOS, Apple eller Linux)?
    • Kva tid oppstod feilen (så nøyaktig tidspunkt som du har)?

    Her sender du melding til Lånekassen om tekniske problem.

    Innlogging til Dine sider

    Når du logger inn på Dine sider, logger du inn via ID-porten. Du kan ikkje kontakte Lånekassen for å få hjelp til innlogging.

    Har du problem med å logge inn, finn du hjelp på ein av desse måtane:

    • Har du glømt passordet? Trykk "Glemt passord" i innloggingen
    • Bruk hjelpeguiden til innlogging
    • Send e-post til
    • Ring Difi på telefon 800 30 300
    • Er du i utlandet? Ring Difi på +47 57 65 50 60

    Du får ikkje svar på henvendelsar om kundeforholdet ditt her

    Du kan ikkje bruke kontaktskjemaet for spørsmål om ditt eige kundeforhold eller Lånekassen sine ordningar. Spørsmål og svar om kundeforholdet ditt og Lånekassen sine ordningar får du på Dine sider.