Høgare og anna utdanning

Sist oppdatert: 16.08.2019
Studentar som skal ta høgare og anna utdanning kan no søkje om stipend og lån for 2019–2020. Du må ha fått studieplass før du søkjer.

Du skal bruke denne søknaden dersom du skal ta:

  • Høgare utdanning
  • Fagskole
  • Folkehøgskole
  • Vaksenopplæring
  • Vidaregående opplæring utan ungdomsrett (for eksempel dersom du tar opp fag)
  • Grunnskoleopplæring for vaksne
  • Bibelskole
  • Yrkessjåførutdanning

Du kan følgje søknaden din på Dine sider.

Finn du ikkje utdanninga di i søknaden? Her er nokre tips til korleis du kan løyse problemet.

Gå til søknaden