Søknad for universitet og høgskole

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Når du vel utdanning

Dersom du ikkje kjenner igjen namnet på utdanninga di i søknaden, vel du den utdanninga som er fagleg nærmast den du skal ta, for eksempel høyrer barnehagelærar inn under lærarutdanning.

Skal du studere ved to ulike lærestader, må du velje den eine skolen i søknaden, og sende inn dokumentasjon for den andre skolen etterpå.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk så fort du har studieplass
for 2022–2023

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2022–2023.

Siste frist for å søke er:

  • 15. november 2022 hvis du søker for hausten 2022
  • 15. mars 2023 hvis du søker for våren 2023

Nokre kan stadig søke for
2021-2022

Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2022, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.