Lærling i Noreg
Lærliglønna kan påverke bortebuarstipendet
Bortebuarstipendet blir redusert dersom lærlinglønna di er over grensa. Grensa for studieåret 2026–2027 er 18 588 kroner i brutto månadslønn.
For å få bortebuarstipend må du i tillegg oppfylle minst eitt av punkta nedanfor:
- Det er meir enn 40 kilometer mellom foreldreheimen og lærebedrifta.
- Du bruker meir enn tre timar tur-retur kvar dag på å reise frå foreldreheimen til lærebedrifta.
- Det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der. Særlege forhold vil seie sosiale eller personlege ting som gjer at du blir hindra i utdanninga, dersom du blir buande heime.
Dei fleste lærlingar får ikkje utstyrsstipend
Som lærling får du ikkje lenger utstyrsstipend, slik du gjorde då du gjekk på vidaregåande skole.
Dersom du er lærling samtidig som du tar fellesfag og/eller programfag i skole, kan du likevel ha rett til utstyrsstipend i tillegg til andre stipend og lån. Kor mykje du kan få i utstyrsstipend, avheng av kva utdanningsprogram du tar som elev.
Tidlegare fekk ingen lærlingar utstyrsstipend, men praksisen blei endra i 2026 og gjeld frå og med skoleåret 2025–2026. Dersom du har søkt stipend for skoleåra 2025–2026 og 2026–2027, og du har både lærling- og elevstatus, vil du få utbetalt utstyrsstipend i løpet av hausten 2026. Du treng ikkje ta kontakt med oss.
Dersom du var lærling og elev samtidig i skoleåret 2025–2026, kan du søke om utstyrsstipend også etter at fristen for å søke lån og stipend har gått ut. Då må du ta kontakt med oss for å søke.
Svært få lærlingar får inntektsavhengig stipend
Inntektsavhengig stipend er eit stipend til elevar frå familiar med svak økonomi. Kor stort stipend du kan få, er mellom anna avhengig av lærlinglønna di. Grensa for kor høg lærlinglønn du kan ha og fortsatt få inntektsavhengig stipend, er så låg at det er svært få lærlingar som får det.
Du får utbetalingar i 11 månader
Lærlingar får utbetalt stipend for 11 månader i året, i motsetnad til elevar i vanleg vidaregåande, som berre får stipend for 10 månader. Du kan få stipend frå august til juni, men du må framleis hugse å søke kvart år.
Denne sida gjeld deg dersom begge punkta stemmer:
- Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
Er du over 21 år, eller du har fått studiekompetanse eller yrkeskompetanse, finn du rett informasjon på sida Lærling med studielån.
