Søknad om stipend og lån for lærlingar

For deg under 21 år uten studie- eller yrkeskompetanse. Gjeld og lærlinger med ungdomsrett.

Dette søker du om

I søknaden søker du om bortebuarstipend og reisestipend dersom du bur borte, og barnestipend dersom du har barn.

Du kan også velje å søke om inntektsavhengig stipend. Du får spørsmål om du vil søke om det i søknaden.

Dersom du skal søke om lån når du er over 18 år, brukar du og denne søknaden.

Du må ha godkjent lærekontrakt

For at lærekontrakten din skal vere godkjent må den bli godkjent både av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret i fylket ditt.

Når kontrakten din er registrert som godkjent hos Vigo gir dei beskjed til oss, og du kan søke. Dette kan ta litt tid.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Søk om lån og stipend

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2024–2025.

For studieåret 2023–2024: Søknadsfristen er 30. juni 2024, eller innan lærekontrakten er avslutta dersom det er før 30. juni 2024.