Elev med barn

Dette gjeld for deg som fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret du begynner på skolen, og ikkje har studie- eller yrkeskompetanse enno.

Dersom du går på vidaregåande skole, førebuande opplæring for vaksne eller er lærling, kan du få meir stipend og lån når du har barn.

I tillegg til utstyrsstipendet kan du få barnestipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend når du har eigne barn. Du kan også få eit tilleggslån dersom du er over 18 år.

Krav

Barna må bu hos deg minst 40 prosent av tida for at du skal få meir stipend og lån.

Barnestipend

Barnestipendet skal bidra til å dekke dei ekstra kostnadene du får når du har barn.
Satsen for 2024–2025 er 2 028 kroner i månaden per barn. Har du fleire enn to barn, er satsen 1 319 kroner for barn nummer tre og fire.

Bortebuarstipend

Når du har barn, får du bortebuarstipend enten du bur for deg sjølv, med ektefelle/sambuar, eller saman med foreldra dine. Du kan ikkje få bortebuarstipend dersom du samtidig får overgangsstønad eller andre stønader for å dekke livsopphald. Dersom du får lærlinglønn, blir stipendet behovsprøvd mot det.

Bortebuarstipendet er på 6 677 kroner i månaden.

Inntektsavhengig stipend

For søkarar utan barn blir det inntektsavhengige stipendet behovsprøvd mot inntekta til foreldra. Det betyr at det foreldra tjener har betyding for kor mykje stipendet blir på. Men når du sjølv har barn, blir dette stipendet i staden behovsprøvd mot di eiga inntekt. Har du trygd, inntekt og formue under grensene, har du krav på inntektsavhengig stipend.

Trygd og inntekt verkar inn på kor mykje du kan få

Barnestipendet og det inntektsavhengige stipendet blir redusert dersom du har trygd eller anna inntekt, for eksempel stønad som einsleg forsørgar eller lærlinglønn. For kvar 1000 kroner du får i trygd eller inntekt, vert stipendet redusert med 600 kroner. 

Har du ein ektefelle eller sambuar, ser vi også på inntekta hans eller hennar. Tener ektefellen eller sambuaren din meir enn 40 920 kroner før skatt per månad, får du mindre barnestipend.

Tilleggslån

Du kan få inntil 57 940 kroner i året i tilleggslån når du er over 18 år og har barn, men avgrensa til 115 880 kroner totalt for dei åra du får lån. Du kan sjølv velje kor mange år du vil fordele dette beløpet over.

Dette lånet kan du få om du er lærling eller går på vidaregåande skole, men ikkje om du tar grunnskole.

Lånet må betalast tilbake når du er ferdig med utdanninga di.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad for desse låna og stipenda. Når du søker om vanleg stipend og lån, vurderer Lånekassen automatisk om du kan ha krav på barnestipend og bortebuarstipend. Men du må sjølv velje om du også vil søke om tilleggslån.

Du treng ikkje å skrive ektefelle eller sambuar si inntekt, den sjekkar vi sjølv.