Dersom du fyller vilkåra over, kan du få sletta gjeld med opptil 50 000 kr. Har du mindre gjeld enn 50 000, vil du få sletta resten av lånet ditt.
Realfag og framandspråk
Du kan berre få sletta gjeld dersom faga er ein øvrig del av masterprogrammet. Følgjande program gjer rett til sletting:
- integrert masterprogram i lærerutdanning med realfag eller framandspråk
(bortsett frå nordisk/norsk) - toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar i realfag eller framandspråk
(bortsett frå nordisk/norsk) - praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
- praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning
Les også
Ny ordning for sletting av gjeld for lærarar
Samisk eller kvensk
Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:
- Samisk grunnskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
- Samisk barnehagelærarutdanning (Samisk høgskole)
- 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk som del av grunnskolelærarutdanning
- 60 studiepoeng samisk eller kvensk som del av lektorutdanning
Ordninga gjel også låntakarar som tek desse utdanningane:
- 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk
- 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført barnehagelærarutdanning
- Fullført barnehagelærarutdanning dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk
Slik søkjer du
Du må sjølv søkje om å få sletta gjelda di. Du må sende eit brev til oss der du oppgir kva utdanningar du har teke og skriv at du søkjer om å få sletta deler av gjelda di. Det er viktig at du legg ved ein kopi av vitnemål for utdanningane du har teke.
Du kan sende søknaden til:
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo
Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført. Du vil få beskjed i eit eige brev når slettinga er gjort. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider, under "kontobevegelser".