Dei fleste i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend eller andre stipend etter reglane som gjeld for elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Dei får som oftast eit lågare beløp enn studentar som tek høgare utdanning, og alt, eller det meste er stipend.
Nokre elevar i vidaregåande opplæring kan søke stipend og lån etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning. Dei får som oftast utbetalt meir og mesteparten av beløpet er eit lån, ikkje eit stipend.
Reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse
Du kan søke stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring dersom punkta gjeld:
- Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du tar ikkje fag på vidaregåande som privatist.
Då kan du ha rett til stipend, som for eksempel utstyrsstipend, bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Er du over 18 år, kan du også få lån dersom du har barn, er gift eller ikkje bur med foreldra dine.
Les meir om reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse i del 2 i forskrift om utdanningsstøtte.
Reglar for deg over 21 år eller deg under 21 år med studie- eller yrkeskompetanse
Du kan søkje om lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning dersom eitt av punkta gjeld:
- Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du tar fag på vidaregåande som privatist.
Då kan du ha rett til lån, og lån som kan bli stipend, som blir gitt etter reglane for høgare og anna utdanning.
Les meir om reglar for deg over 21 år eller deg under 21 år med studie- eller yrkeskompetanse i del 3 i forskrift om utdanningsstøtte.
Gjaldt berre skoleåra 2024-2025 og 2025-2026: Unntak for deg mellom 21 og 24 år
På grunn av nye reglar frå skoleåret 2024–2025 var nokre søkarar med i ei overgangsordning. Dei nye reglane gjaldt ikkje dei.
Overgangsordninga omfatta ikkje privatistar eller elevar i vidaregåande opplæring for vaksne.
Du var med i overgangsordninga dersom alle punkta gjaldt:
- Du fylte frå 21 til 24 år i løpet av 2025.
- Du hadde ikkje studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
- Du fekk utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring (del 2 i forskrift om utdanningsstøtte) i skoleåret 2023–2024.
Gjaldt det deg, kunne du få stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring. Sjølv om du var over 21 år, fikk du ikkje lån og stipend etter reglane for høgare og annan utdanning.
Overgangsordninga gjaldt fram til du oppnådde studie- eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut skoleåret 2025–2026.
Dersom du skulle fortsette i førebuande opplæring i skoleåret 2025–2026, gjaldt overgangsordninga i skoleåret fram til du hadde fullført førebuande opplæring, eller til du hadde fått stipend, for eksempel utstyrsstipend, i to år. Overgangsordninga gjaldt uansett ikkje lenger enn ut skoleåret 2025–2026.
Du var ikkje med i overgangsordninga dersom begge punkta under gjaldt deg. Du fylte frå 21 til 24 år i løpet av 2025 og fikk:
- utstyrsstipend eller inntektsavhengig stipend, bortebuarstipend eller slike stipend som flyktningstipend i skoleåret 2023–2024 til førebuande opplæring
- stipend som nemnt i punktet over i to år før skoleåret 2025–2026 startar
Då kunne du ha rett til lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning.
