Tilleggslån
Er du over 30 år, kan du i nokre tilfelle få eit større tilleggslån.
Student med barn
Ekstra lån og stipend kjem i tillegg til basislånet, som er det lånet alle studentar får. Du kan altså få både basislån, barnestipend, og tilleggslån samtidig.
Du kan få barnestipend så lenge du er student og får lån og stipend frå Lånekassen, til og med det året barnet fyller 16 år. Det betyr at du i studieåret 2023–2024 kan få stipendet hvis du har barn født i 2008 eller seinare. Dersom begge foreldra er studentar, kan begge få barnestipend og tilleggslån samtidig.
Slik søker du
Det er ikkje ein eigen søknad for desse låna og stipenda. Når du søker om vanleg stipend og lån, vurderer Lånekassen automatisk om du kan ha krav på barnestipend. Men du må sjølv velje om du også vil søke om tilleggslån.