Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020

Erstattet av "Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2021"

Lenke til forskriften på Lovdata

Merknad til § 2-1

Merknad

Med gjeld frå tidlegare utdanning meiner vi gjeld frå både fulltids- og deltidsutdanning.

Merknad til § 2-3

Merknad

Dersom låntakaren kjem à jour med betalinga, blir oppseiinga av lånet oppheva, og det blir ikkje lenger lagt til forseinkingsrenter.

Merknad til § 2-4

Merknad

Når det blir rekna renter for tidlegare periodar, bruker Lånekassen den rentesatsen som gjaldt i dei aktuelle periodane.

Merknad til § 2-5

Merknad 

Inngåing av fastrenteavtale i Lånekassen er ikkje omfatta av reglane om angrerett i finansavtaleloven Låntakaren kan derfor ikkje trekkje tilbake søknaden om fast rente etter at ein avtale er inngått, sjølv om søknadsfristen ikkje er ute. Eit eventuelt avbrott av avtalen må skje i samsvar med avtalevilkåra, det vil seie at første høve til å avbryte ein inngått avtale, er i den neste søkjeperioden for fast rente.

Merknad til § 2-7

Merknad 

Låntakaren må betale rentetapet sjølv om gjelda er innfridd før rentetapet blir utrekna.

Dersom lånet er innfridd vil rentegevinsten  bli utbetalt. 

Beløp under kr 1,50 vil ikkje bli belasta kontoen og kravd tilbakebetalt. Beløp under kr 1,50 vil heller ikkje bli godskrive og refundert. 

Merknad til 2. ledd 

Det blir ikkje gitt fritak for rentetap som er utrekna i periodar låntakaren har fått sletta renter.

Merknad til § 2-8

Merknad

Ekstra innbetalingar over 50 kroner utløyser ei utrekning av rentetap eller rentegevinst. Vurderinga av om ei innbetaling kan bli definert som «ekstra innbetaling» eller ikkje, skjer kvar gong ei innbetaling blir postert på kontoen til låntakaren. 

Merknad til § 3-3

Merknad

Kundar som har lån som skal bli gjort om til stipend, og som innfrir heile gjelda før siste omgjering er utført, kan få refundert stipendbeløpet.

Merknad til § 5-1

Merknad

Dersom låntakaren kjem à jour med betalinga, blir oppseiinga av lånet oppheva, og det blir ikkje lenger lagt til forseinkingsrenter.

Utleggspant som er teke i eigendelane til låntakaren før saka blir tilbakekalla, blir ståande. Spørsmål om utleggspant skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

Merknad til § 5-3

Merknad

Klage på for lågt eller for høgt lønnstrekk , eller anna som gjeld utleggsforretninga, skal rettast til Statens innkrevjingssentral.

Merknad til § 5-7

Merknad

For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 8, må låntakaren sende inn dokumentasjon som viser at han er i ein situasjon som kan gi rett til sletting av renter for ein periode på éin månad eller lenger. 

For å gjere sannsynleg at den noverande situasjonen gir rett til betalingslette etter kapittel 12, må låntakaren sende inn kopi av pensjonsbrevet frå Nav som viser at han mottek uføretrygd på grunn av varig nedsett inntektsevne. I tillegg må låntakaren oppgi forventa bruttoinntekt for inneverande år.

Merknad

Dersom låntakaren dokumenterer å ha rett til betalingslette i delar av dei tre siste åra, men den noverande situasjonen ikkje gir rett til lette, er det ein føresetnad for å unngå ei permanent overføring at det også blir inngått ein betalingsavtale.

Merknad 

Gjelda blir ikkje permanent overført og låntakaren misser ikkje rettar etter § 5-6 dersom han inngår ein betalingsavtale med Lånekassen. Betalingsavtalen blir følgd opp av Statens innkrevjingssentral. 

Merknad til § 6-5

Merknad

Søknad skal sendast til Statens innkrevjingssentral sjølv om gjelda ikkje er sagd opp.

Merknad til § 7-1

Merknad

Dersom det er sletta renter for ein periode der det først berre er gitt utsetjing, tel ikkje utsetjinga med i samla tid etter § 7-1. 

Merknad til § 7-1a

Merknad

I forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2020, ble ny § 7-1 a fastsett 29.05.2020 med verking frå same dato.

Merknad til § 7-2

Merknad 

Dersom ein låntakar i løpet av eit fastsettingsår (likningsår) har fått sletta renter og utsatt betalinga, kan somme av betalingsutsetjingane bli rekna inn under § 7-2. Berre utsetjingar som fell inn i ein dokumentert årsaksperiode, kan bli rekna inn under § 7-2. Utsetjingar blir gitt for like mange månader som det er sletta renter.

Merknad 

Ved søknad om betalingsutsetjing utover grensa i § 7-1, kan det i første omgang bli gitt betalingsutsetjing når det er sannsynleg at renter kan bli sletta. Låntakaren må leggje ved dokumentasjon som viser at årsaksvilkåret er oppfylt, og dokumentasjon på bruttoinntekta i perioden. I tillegg må låntakaren oppgi forventa brutto årsinntekt. For låntakarar i Norge, hentar Lånekassen inn opplysningar om inntekt frå a-ordninga.

Dersom det tidlegare er gitt betalingsutsetjing etter dette punktet og det i ettertid viser seg at låntakaren ikkje hadde rett til å få sletta renter, er hovudregelen at vi ikkje kan gi fleire utsetjingar.

Merknad 

Låntakere som har gjennomført utdanning på fulltid uten støtte fra Lånekassen, når det kunne ha vore gitt støtte etter forskrifta om utdanningsstøtte, kan (etter søknad) få betalingsutsetjing etter dette punktet tilsvarande betalingspausen etter reglane i § 4-1. 

Merknad til § 8-1

Merknad

Låntakaren kan ha rett til å få sletta renter  for heile eller delar av perioden med dokumentert årsak. Dersom person- og kapitalinntekta fører til at låntakaren ikkje får rentefritak for heile perioden, blir renter sletta frå starten av perioden og framover, i så mange månader som låntakaren har rett til  å få sletta renter. 

Merknad

Også sletting av renter  under sjølvfinansiert utdanning blir gitt på etterskott. Sjå §§ 8-5 og 8-6. 

Merknad 

Med ein månad er meint ein periode som går frå ein dato i éin kalendermånad til og med same dato i neste kalendermånad, minus éin dag. Dersom forholdet eller forholda som gir rett til å få sletta renter, strekkjer seg over meir enn 14 dagar av ein månad, blir rentene for denne månaden sletta. Dersom forholdet varer 14 dagar eller kortare i ein månad, blir det ikkje sletta renter  for denne månaden. 

Merknad

Lånekassen legg til grunn belasta renter i den perioden renter skal slettast. Også eventuelt for mykje belasta rentesrenter blir sletta. Beløpet blir trekt frå gjelda til låntakaren og blir postert i samsvar med posteringsrekkefølgja i § 4-3, med unntak av at beløpet ikkje blir postert mot ein eventuell gebyrsaldo og kostnader. 

Merknad

Beløpet som blir sletta blir ikkje utbetalt, bortsett frå dersom gjelda er innfridd. Beløp under kr 50 blir ikkje refundert automatisk. 

Merknad 

Oppteningstida for å få sletta renter blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande og til og med den datoen lånet eventuelt ikkje er rentebærande.

Merknad til § 8-2

Merknad 

Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna omfatta: 

- barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for 

- barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida 

- barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom låntakaren og sambuaren i tillegg har felles barn 

Merknad til § 8-4

Merknad  

Ein låntakar kan ha fleire årsaker som gir grunnlag for å få sletta renter etter § 8-4. Årsakene i bokstavene a, b, c og d kan kombinerast. Kvar av periodane, eller ein av dei, kan vare kortare enn tre månader. Dersom det ikkje er avbrott i tid mellom desse periodane, kan Lånekassen sjå dei i samanheng. Renter kan bli sletta  for heile perioden. Vilkåret er at heile perioden er på minst tre månader. Oppteningstida blir rekna frå og med den datoen lånet blei sett renteberande og til og med den datoen lånet eventuelt ikkje er renteberande. 

Årsakene i bokstav e,  f og g kan ikkje kombinerast med andre årsaker. 

Merknad til bokstav a 

Lånekassen hentar inn opplysningar om periodar med arbeidsavklaringspengar (AAP) og registrert arbeidsløyse direkte frå Nav. Opplysningar om AAP og arbeidsløyse blir henta inn for heile kalenderår, avhengig av kva år låntakaren søkjer om å få sletta renter for. 

For låntakarar som er busette i utlandet, kan andre former for dokumentasjon bli godtekne når det ikkje er råd å registrere seg ved ei arbeidsformidling.

Merknad til bokstav a 

Som registrert arbeidsledig reknar vi også låntakarar som deltek i kvalifiseringsprogram og får kvalifiseringsstønad. Låntakarar som søkjer om å få sletta renter  på dette grunnlaget, må sjølve dokumentere perioden. 

Låntakarar som bur saman med ektefellen i utlandet, og som kan dokumentere at han/ho ikkje har rett til arbeidsløyve, kan bli vurderte etter § 8-4  bokstav a. 

Låntakarar som ikkje er reelle arbeidssøkjarar, har ikkje rett til å få sletta renter. Det same gjeld arbeidssøkjarar som er registrerte som fullt sysselsette.

Merknad til bokstav a

Perioden med sjukdom må vere stadfesta av Nav. Dersom låntakaren ikkje har vore i arbeid, kan legeerklæring brukast som dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at låntakaren har vore heilt eller delvis ute av stand til å arbeide eller studere på grunn av sjukdom.

Låntakarar som er uføre og som har fått sletta heile eller deler av gjelda, kan ikkje få sletta renter som er lagde til gjelda før delar av denne blei sletta. Låntakarar som er uføre, kan søkje om sletting av gjeld etter kapittel 12.

Låntakarar som får 100 prosent uføretrygd, kan ikkje få sletta renter på grunn av sjukdom. Låntakarar som ikkje får 100 prosent uføretrygd, kan vurderast etter § 8-4.

Merknad til bokstav c 

Sletting av renter  ved fødsel kan bli gitt frå fødselen. Begge kan få sletta renter i opptil tolv etter fødselen.  

Merknad til bokstav d

Ved omsorg for uføre, funksjonshemma eller eldre må omfanget av pleiebehovet vere på minst 50 prosent. Omfanget av pleiebehovet må dokumenterast med stadfesting frå lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans. 

Låntakar som får overgangsstønad fordi barnet har behov for omsorg eller tilsyn utover det som er vanleg , kan få rentefritak etter § 8-4  bokstav d. 

Merknad til bokstav f

Låntakarar som søkjer om sletting av renter etter denne bestemmelsen bør alltid sende inn kopi av skattefastsettinga (likning). Dette gjeld særskilt for låntakarar som har likning frå utlandet.

Merknad til bokstav f

Opphaldsløyve som au pair føreset ei maksimal arbeidstid på 30 timar per veke. Arbeid som au pair kvalifiserer derfor ikkje til sletting av renter etter denne regelen.

Merknad til bokstav f

Sjølvstendig næringsdrivande må sende inn stadfesting på registrert føretak i Brønnøysundregisteret. I tillegg må låntakaren dokumentere at ho/han har arbeidd fulltid. Dokumentasjonen kan vere i form av avtalar/timelister/lønnsslippar og liknande.

Dersom låntakaren har hatt samanhengande fulltidsarbeid i heile kalenderåret, kan kopi av likningsutskrift bli brukt for å dokumentere gjennomsnittleg månadleg bruttoinntekt i kalenderåret.

Merknad til bokstav f

Frivillig ulønna arbeid gir ikkje rett til sletting av renter, sjølv om frivillig ulønna arbeid er  kombinert med lønna deltidsarbeid. Dersom låntakaren er i eit arbeidsforhold på fulltid der det blir gitt ei eller anna form for godtgjering, f.eks. for kost og losji, blir søknaden behandla etter dette punktet dersom arbeidsforholdet varer i minst tolv månader. Dokumentasjon som viser kor lenge arbeidsforholdet har vart, må liggje føre.  

Merknad til bokstav f

Forskingsstipend frå Noregs forskingsråd (NFR) blir sett på som arbeidsinntekt. Det same gjeld forskingsstipend som låntakaren får frå andre land. Søknader om sletting av renter  under ph.d-utdanning i utlandet blir behandla etter reglane i § 8-6, dersom utdanninga gir rett til lån og stipend. Søknaden kan bli behandla etter § 8-4 bokstav f dersom låntakaren ikkje kan få lån og stipend fordi han eller ho mottek støtte til livsopphold frå offentlege utdanningsstøtteordninger i andre land.

Merknad til § 8-5

Merknad til bokstav a

Dersom låntakaren har fått støtte til deltidsutdanninga, kan sletting av renter bli vurdert for støtteperioden også før utdanninga er endeleg avslutta. Låntakaren kan få sletta renter også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få utvida den normerte tida/årsblokkene etter reglane i kapittel 9 i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld.

Merknad til § 8-6

Merknad 

Låntakaren må dokumentere at ho/han har vore fulltidsstudent. Låntakaren blir rekna som fulltidsstudent dersom ho/han dokumenterer å ha følgt utdanningsprogrammet på fulltid. Det kan ikkje bli sletta renter utover normert tid eller årsblokkene i forskrifta om utdanningsstøtte. Ved vurderinga av samla periode for rentefritak reknar vi med periodar låntakaren har fått støtte og/eller rentefritak på grunn av utdanning.

Låntakaren kan få sletta renter også ved forseinking, dersom han/ho har rett til å få utvida den normerte tida/årsblokkene etter reglane i forskrifta om utdanningsstøtte for det året søknaden gjeld. Sletting av renter kan derfor først bli vurdert når låntakaren har avslutta utdanningsprogrammet. 

Utdanningsprogrammet og avslutninga av det blir vurdert på bakgrunn av kunden sine opplysningar om planlagt utdanningsprogram, normert tid for programmet, og planlagd avslutning av det enkelte programmet. 

Merknad 

Utanlandske statsborgarar, med unntak av statsborgarar frå EU- og EØS-land, som tek sjølvfinansiert utdanning i land utanfor Norden, har ikkje rett til sletting av renter  utover det som går fram av kapittel 2 i forskrifta om utdanningsstøtte. 

Merknad

Ved ph.d-utdanning i utlandet (utanlandsk grad) bruker Lånekassen den tidsnormeringa som gjeld for den aktuelle godkjende utdanninga, teken på fulltid i vedkommande land. 

Merknad 

Låntakarar som er forsørgde av barnevernet og har fått avslag på søknad om støtte etter § 10-3 i forskrifta om utdanningsstøtte, kan likevel få sletta renter  etter dette punktet dersom han eller ho er i ei fulltidsutdanning som gir rett til støtte.

Merknad til § 8-7

Merknad 

All skattbar inntekt skal reknast med. Om inntekta er skattbar eller ikkje, er regulert i skattelovgivinga. 

Merknad

Når inntekta er oppgitt i framand valuta, blir gjennomsnittleg valutakurs for det aktuelle likningsåret brukt for å finne inntekta som det skal behovsprøvast mot. 

Merknad

Inntektsgrunnlaget for låntakarar som er busette i utlandet, er det same som for låntakarar i Noreg. Inntekt som ikkje er skattepliktig i Noreg, blir ikkje rekna med i bruttoinntekta. Det kan ikkje bli sett bort frå beløp som gir rett til frådrag ved skattelikninga i landet der låntakaren er skattepliktig. Låntakaren må sjølv dokumentere inntekta i utlandet. 

Merknad til § 8-8

Merknad 

Spørsmål om rentefritak som gjeld forhold før 1. januar 2017 , kan bli behandla dersom Lånekassen openbert har forsømt behandlings- eller opplysningsplikta. Dersom vedtaket er gjort på grunnlag av feilaktige opplysningar som har hatt tyding for innhaldet i vedtaket, kan Lånekassen også ta opp saka til ny vurdering. Låntakaren må sende inn dokumentasjon som viser dei faktiske forholda, og at dei låg føre på vedtakstidspunktet.  

Merknad til § 9-1

Merknad til første ledd

Tidlegare fylke Finnmark og Troms er slått saman til nytt fylke Troms og Finnmark. Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i ein av kommunane i tidlegare Finnmark fylke eller i ein av kommunane i tidlegare Nord-Troms.

Merknad til § 9-3

Merknad 

Låntakaren blir rekna som yrkesaktiv dersom gjennomsnittleg yrkesaktivitet i oppteningsperioden utgjer minst 50 prosent. Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i heile perioden.

Merknad 

Låntakarar som er sjølvstendig næringsdrivande, stadfester verksemda si med registreringsattest for firmaet i tillegg til for eksempel sjølvmelding, næringsoppgåve eller revisorrapport.

Merknad til bokstav b 

Registrert arbeidsløyse i oppteningsperioden gir ikkje rett til ettergiving når låntakaren har rett til støtte under utdanning. 

Merknad til bokstav b 

Ein låntakarar som deltek i arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav, blir rekna som registrert arbeidsledig.

Merknad til bokstav c 

Omsorg for barn gjeld egne barn låntakaren bur saman med minst 40 prosent av tida. Vi godtek gjennomsnittsutrekning.  

Med "særleg tyngande omsorgsplikter" er det til vanleg meint fulltidsomsorg for ein person som er ufør, funksjonshemma eller alderssvekt. Omfanget av pleiebehovet må vere stadfest av lege, sosialkontor, helsestell eller annan faginstans. Dersom pleiebehovet ikkje tilsvarer omsorg på fulltid, må låntakaren i tillegg vere yrkesaktiv/arbeidssøkjar. 

Merknad til bokstav d 

Studiepermisjon som blir teken ut over lengre tid med redusert lønn, gir opptening for ein periode som tilsvarer det tidsrommet låntakaren har rett til permisjon med full lønn. Det er ikkje et krav at låntakaren er busett i regionen i den tida han/ho har studiepermisjon.

Merknad til bokstav e  

Busette i regionen med eit arbeid som gjer at dei må utføre arbeid både i og utanfor regionen, kan bli vurderte etter denne regelen. 

Merknad til § 9-5

Merknad 

Unntaket for særlege tilfelle gjeld blant anna dersom låntakaren ikkje har hatt moglegheit til å registrere ny adresse i folkeregisteret fordi han eller ho er gift, og ektefellen ikkje er busett i regionen. Unntak gjeld også for tilfelle der låntakaren bur i hytte, båt, campingvogn, brakkerigg eller liknande, og som gjer at låntakaren ikkje får registrert adressa i folkeregisteret. I slike tilfelle blir sletting av gjeld vurdert på bakgrunn av dokumentasjon på faktisk opphold, for eksempel leigekontrakt.

Merknad til § 9-6

Merknad 

Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan den opptente tiden før tenesta eller utdanninga bli rekna med i oppteningsperioden. Det er ikkje eit krav at utdanninga gir rett til støtte.

Merknad 

I særlege tilfelle kan korte opphald, det vil seie periodar på inntil to-tre veker, i oppteningsperioden bli godtekne. Normal ferieavvikling reknast ikkje for å avbryte oppteningsperioden.

Merknad til § 9-8

Merknad 

Terminbeløpa som forfell i løpet av dei tolv første månadene etter utløpet av oppteningsperioden, blir sette til rentesaldoen på forfallsdato. Terminbeløpa kan likevel ikkje vere større enn dei beløpa låntakaren har etter den ordinære betalingsplanen. 

Låntakaren blir varsla etter den ordinære betalingsplanen når han eller ho ikkje lenger har rett til ettergiving, eller ikkje søkjer om ny ettergiving.

Merknad 

Innfriingstidspunktet i betalingsplanen blir ikkje endra, med mindre perioden der låntakaren ikkje skal betale avdrag, strekk seg utover tidspunktet for når gjelda skulle vore betalt.

Merknad 

Låntakar som har fylt 65 år, treng berre betale renter frem til han eller ho ikkje lenger har rett til sletting av gjeld. 

Merknad til § 9-9

Merknad 

Ein låntakar som har misleghalde betalingspliktene sine overfor Lånekassen, slik at lånet er oppsagt på tidspunktet for ettergiving, kan få rett til ettergiving for den delen av lånet som ikkje har forfalle til betaling, dersom det er inngått ein betalingsavtale som blir følgd.

Merknad til § 9-10

Merknad 

Søknad om ettergiving må sendast på eige skjema. Søknaden kan sendast via nettet eller på papir.

Merknad til § 11-1

Merknad

Låntakarar som tek utdanning på deltid kan også få sletta gjeld etter § 11-1, så lenge han eller ho har fullført utdanninga innanfor normert tid for deltidsutdanninga.

Merknad

Ein låntakar som startar på ei lærarutdanning, men som byter lærestad og derfor må starte på lærarutdanninga på nytt, har rett til sletting av gjeld etter denne bestemmelsen dersom han eller ho fullfører den sist påbegynte lærarutdanninga på normert tid og ikkje får fritak i denne utdanninga for fag/studiepoeng som han eller ho har bestått tidlegare.

Merknad til § 12-1

Merknad

Låntakeren kan søke om sletting av utdanningsgjeld når han har bodd ett år sammenhengende i hjemlandet etter avsluttet utdanning. Dette gjelder også når låntakeren bosetter seg i hjemlandet uten at utdanningen er fullført. Kravet er likevel at låntakeren skal ha bosatt seg varig i hjemlandet, det vil si at det ikke er tilstrekkelig at låntakeren har bodd ett år i hjemlandet for så å flytte til et annet land.

Merknad

Dersom låntakeren ikke sender inn søknad om sletting av utdanningsgjeld etter ett år i hjemlandet, må gjelden tilbakebetales på samme vilkår som for kunder som ikke er omfattet av kvoteordningen.

Merknad

Dersom låntakeren senere reiser til hjemlandet for å bosette seg der, kan han søke om sletting av utdanningsgjeld når han har vært bosatt i ett år i hjemlandet.

Merknad til § 12-2

Merknad

Vedtak om sletting av utdanningsgjeld skal oppheves dersom låntakeren vender tilbake til Norge. Renter regnes fra dato for retur til Norge.

Merknad til § 13-1

Merknad 

Søknader om sletting av gjeld  blir vurdert etter forskrifta som gjeld det året Lånekassen har fått ein dokumentert søknad (med unntak av likningsopplysningar frå skatteetaten for det året søknaden gjeld). Det vil seie at ein søknad som er motteken før 31.12.2020, blir vurdert ut ifrå inntektsgrensa som gjeld for 2020, sjølv om vedtaket om varig uførleik er gjort i eit tidlegare år. Søknaden kan ikkje bli behandla ferdig før Lånekassen får inntektsopplysningar for det året som søknaden er motteken i. Det vil seie at søknader som har komme inn i 2020, ikkje kan bli behandla ferdig før Lånekassen får likningsopplysningar frå skatteetaten for inntektsåret 2020. Desse opplysningane får vi i 2021.

  

Merknad 

Lånekassen hentar inn dokumentasjon på person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Lånekassen ser ikke bort fra eventuelle etterbetalte trygde -og pensjonsytelser dersom slike inntekter er inkludert i opplysningene fra skatteetaten.

Merknad 

Ettergiving skal vurderast på bakgrunn av avklara og varig inntekt. Inntektsforholdet må derfor vere endeleg avklart før ettergiving kan bli vurdert. Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få heile eller ein del av gjelda ettergitt, kan låntakaren få betalingsutsetjing medan saka er til behandling.

Merknad 

Ettergivinga blir fastsett i samsvar med brutto inntekt per år (summen av trygde- og arbeidsinntekter osv.). Uføretrygda må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt.

Merknad 

Ved nedskriving (delvis ettergiving) blir først kostnader, gebyr, rentesaldo og deretter lånesaldoen redusert.

Merknad 

Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, er desse borna er omfatta: 

- barn av låntakaren, også barn som låntakaren betaler bidrag for 

- barn av låntakaren sin ektefelle som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida 

- barn av låntakaren sin sambuar som bur saman med låntakaren minst 40 prosent av tida, dersom søkjaren og sambuaren i tillegg har felles barn 

Barnet må vere registrert i folkeregisteret.

Merknad 

Det blir sett bort fra barnetillegg og barnepensjon som låntakaren får for barn over 16 år. 

Merknad 

Innbetalingar som er gjorde før søknaden om ettergiving er motteken i Lånekassen, blir ikkje refunderte. Låntakarar med månadlege betalingsavtalar/trekk i trygdeutbetalingar kan få refundert innbetalingar som er gjorde etter at søknaden om ettergiving er kommen inn til Lånekassen. Utlegg som er tekne i etterbetaling av trygdeytingar, kan bli refunderte når låntakaren har rett til ettergiving. 

Studiegjeld som er innfridd, blir ikkje refundert sjølv om låntakaren seinare blir ufør. 

Innbetalinger som er gjort før søknaden om ettergivelse er mottatt i Lånekassen, blir ikke refundert. 

Merknad

Låntakar som fyller vilkåra i § 13-1 har rett til å få satt ned terminbeløpet, sjølv om dette fører til lengre nedbetalingstid/høgare alder enn det som følgjer av § 3-1.

Merknad til § 13-2

Merknad 

Vedtaket om ettergiving blir ikkje oppheva ved søknad om ny støtte dersom gjelda er avskriven fordi låntakaren var ufør og låntakaren på avskrivingstidspunktet var i gjeldsordning eller i ein gjeldsforhandlingsperiode etter reglane i gjeldsordningsloven, og gjeldsordninga er gjennomført.

Merknad til § 14-1

Merknad

Krav som blir overførte til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter den rentesatsen som blir fastsett for lån i Lånekassen etter §§  2-3 og 2-4.