Slik fungerer omgjering

Etterkontroll av inntekt og omgjering

For å få gjort om basislån til stipend, må du vere bortebuar, ha inntekt og formue under grensa og bestå utdanninga di.

Inntil 40 prosent av basislånet du får, kan bli gjort om til stipend dersom du oppfyller vilkåra.

Du må vere bortebuar

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. Når du søker om lån og stipend, oppgir du om du bur saman med foreldra dine eller ikkje. Kundar som er bortebuarar, får tildelt eit omgjeringslån, som seinare kan bli gjort om til stipend.
Omgjeringslånet utgjer 40 prosent av basislånet, som er den delen av studiestøtta som «alle» får. Du kan sjå om du har fått omgjeringslån i vedtaksbrevet du fekk etter at du søkte om lån og stipend.

Kven blir rekna som bortebuar?

Du blir rekna som bortebuar så lenge du ikkje bur i same hus som foreldra dine i perioden du får stipend og lån frå Lånekassen.

Bur du i same hus som foreldra dine, kan du likevel få status som bortebuar dersom du bur i ei «sjølvstendig og klart åtskilt bueining i same hus som foreldra, og søkaren si bueining er registrert med eit eige brukseiningsnummer eller tilsvarande i Folkeregisteret eller i matrikkelen.». Med sjølvstendig bueining meiner vi at bustaden din har eigne bustadfunksjonar som kjøkken og bad.

Du blir også rekna som bortebuar om du er gift eller har barn.

Du må ha inntekt og formue under grensene

For å få full omgjering av basislån til stipend, må du ha inntekt og formue under grensene. Er du over grensa, blir ikkje omgjeringslånet (delen av basislånet som kan bli stipend) til stipend.

Merk at vi kontrollerer inntekt og formue per kalenderår, sidan skatteoppgjeret vi får informasjonen frå gjeld per kalenderår, og ikkje studieår (haustsemester-vårsemester).
Les om kva for grenser som gjeld.

Kor stor reduksjonen blir, kjem an på kor langt over grensa du er. Det er ikkje slik at du mister heile omgjeringslånet om du har inntekt berre litt over grensa, det blir gradvis redusert.

For å finne ut kor mykje stipendet ditt blir redusert, kan du bruke denne formelen: Inntekt over beløpsgrensa x 5 prosent x Tal månader med støtte = Reduksjon.

Kva slags inntekt og formue bruker Lånekassen i behovsprøvinga?

Når vi behovsprøver støtta mot inntekt, ser vi på person- og kapitalinntekta di. Den består av

  • all skattepliktig arbeidsinntekt (inkludert feriepengar)
  • alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
  • alle kapitalinntekter

Vi ser bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine får.

Når det gjeld formue, bruker vi nettoformuen din som står på skatteoppgjeret for det året du fekk støtte.

Nettoformue er verdien av det du eig, minus den totale gjelda di (for eksempel verdien av hus og bankinnskot minus gjelda til Lånekassen og bustadlån).

Kapitalinntekt er til dømes renter av bankinnskott, utleigeinntekter eller inntekter ved sal av aksjar. Renteinntekter frå BSU-sparing held vi likevel utanfor. Vi bruker brutto kapitalinntekt, ikkje netto. Det betyr til dømes at vi ikkje tek omsyn til eventuelle utgifter du har ved utleige eller tap av sal ved aksjar.

Du finn meir informasjon om kva inntekter vi bruker i merknadene til kapittel 12 i forskrifta om utdanningsstøtte.

Inntekt og formue vi ikkje reknar med

Vi reknar ikkje med renteinntekter frå BSU-sparing, forsikrings- eller erstatningsutbetalingar som følge av kritisk sjukdom eller personskade eller inntekter frå formue barnet ditt har som blir forvalta av statsforvaltaren som inntekt.

Vi ser også bort frå formue som følge av forsikrings- eller erstatningsutbetalingar, formue barnet ditt har hos statsforvaltaren eller formue som følge av at du har trygdefinansiert bil.

Renteinntekter frå BSU blir ikkje rekna med i etterkontrollen i utgangspunktet, men dersom du har for høg inntekt eller formue på grunn av nokon av situasjonane som er nemnt over, må du seie frå om dette til oss sidan vi ikkje får den informasjonen frå skatteetaten. Vi kan vurdere inntekta og formuen din på nytt dersom du sender inn dokumentasjon på det.

Du må bestå utdanning

Etter at vi har kontrollert inntekta og formuen din, sjekkar vi om du har bestått utdanning. For å få gjort om heile omgjeringslånet til stipend, må du bestå like mykje utdanning som du fekk stipend og lån til. Fekk du for eksempel støtte til fulltidsutdanning, må du bestå minst 60 studiepoeng for å få full omgjering. Består du færre studiepoeng enn du har fått støtte til, får du tilsvarande mindre lån gjort om til stipend.

Vi gjer om lån til stipend samtidig som vi sjekkar inntekt, og du får også omgjering for den same perioden som vi har sjekka inntekt for. Det betyr at du får omgjering for heile kalenderår og ikkje for kvart studieår (haust-vår). For eksempel får du gjort om lån til stipend for heile 2024 i 2025.

Omgjeringa skjer kvart år etter kvart som vi kontrollerer inntekt. Unntaket er studentar i utlandet, som får omgjering etter at dei har sendt inn vitnemål når dei er ferdige med utdanninga. Studentar i Noreg eller på utveksling treng ikkje å sende inn noko.

Logg inn for oversikt over omgjeringshistorikken din

Gradsomgjering

Studentar i universitets- og høgskoleutdanning må bestå ein grad i tillegg til nok studiepoeng for å få full omgjering.

Beløpet som kan bli gjort om til stipend etter at du består ein grad, finn du i vedtaksbrevet som «gradsomgjeringslån». Beløpet tilsvarer 15 prosent av basislånet.
Gradomgjeringa skjer først året etter at du bestod graden din.

Kva for utdanningar gir gradsomgjering?

Du kan få gjort om lån til stipend dersom du består ein av følgande grader

  • Bachelorgrad
  • Toårig mastergrad
  • Femårig mastergrad
  • Høgskolekandidat
  • Profesjonsutdanning

I tillegg til dei vanlege gradene, er det nokre vidareutdanningar som gir gradsomgjering sjølv om dei ikkje leier fram til ein grad.

Desse er:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Helsesjukepleiar (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Jordmor (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie
  • Ph.D-utdanning frå utlandet