Vidaregåande skole med studielån

For deg som er 21 år eller eldre. Gjeld også deg som er under 21 år og har studie- eller yrkeskompetanse.

Vgs uten ungdomsrett

Elev vgs jente med mobiltelefon. Foto.

Du kan søke om lån

Du får ikkje stipend på same måte som på vanleg vidaregåande, men du tek opp eit lån.

Lånet kallar me basislån, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån.

Inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du

  • ikkje bur saman med foreldra dine
  • består utdanninga di
  • har inntekt, trygd og formue under grensene

Dersom du må betale skolepengar, kan du få skolepengelån.

Tar du privatisteksamen i fag du har bestått før (tar om igjen fag)?

Då får du ikkje gjort om lån til stipend for desse faga. Det gjeld også viss du tok faga på vanleg vidaregåande i første omgang.

Du kan få basislån til å ta 480 studiepoeng eller tilsvarande

480 studiepoeng er det same som åtte år med heiltidsstudium. Basislån på vidaregåande skole tel med i kor mykje lån og stipend du kan få til saman fordi du får lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning. 

Når må eg betale tilbake?  

Det blir lagt til renter på lånet og du må byrje å betale når du ikkje lenger får lån og stipend til utdanning på heiltid, eller når du studerer på deltid. Det tek cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.

Denne sida gjeld deg dersom eitt av punkta stemmer: 

  • Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.  
  • Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev. 

Unntak: Fyller du 21 til 24 år i 2024? Og fekk du i skoleåret 2023-2024 utstyrsstipend eller andre lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring? Sjekk om denne informasjonen ikke gjeld deg fordi du er med i ei overgangsordning. 

Søknadsfristar

Du må ha ein skoleplass før du søker. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret
Gå til søknaden

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
57 940 kroner
i tilleggslån per studieår

Du kan låne inntil 57 940 kroner ekstra i året dersom du tar fulltidsutdanning. Tar du utdanning på deltid, kan du låne eit mindre beløpblir det maksimale beløpet du kan låne redusert ut fra deltidsprosenten din. Du kan låne 115 880 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som for vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sida av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 443 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikkje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar
Inntektsgrensa er
214 213
for 2024

Kor mykje kan eg tene?

For å få fullt stipend kan du ikkje tene meir enn 214 213 kroner i 2024, dersom du får stipend og lån for heile året.

For å få gjort om lån til stipend må du bestå dei faga du fekk støtte til å ta.

I tillegg til at du må bestå utdanninga di, er det også eit krav om å ikkje tene for mykje. Merk at inntektsgrensene gjeld for kalenderåret og ikkje studieåret. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare.

Du mister ikkje heile stipendet om du har inntekt litt over grensa, men vi reduserer det gradvis etter kor stor inntekt du har hatt.

Vi ser også på trygd og formue

Formue og trygdeinntekter kan også påverke kor mykje av basislånet som kan bli til stipend.

Les meir om inntekt og formue

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk