Tar du deltidsutdanning?
- Du får mindre lån og stipend enn om du tar utdanning på fulltid.
- Det blir rekna renter på lån du har frå før.
- Du må betale på lånet.
Vidaregåande opplæring for vaksne
Berre fulltidselevar får fullt basislån
Alle elevar og studentar kan få basislån, eller studielån, som dei fleste kallar det. Dersom du tar vidaregåande opplæring utan ungdomsrett, kan du få basislån på inntil 125 370 kroner for heile året (ti månader). For å få heile beløpet må du vere fulltidselev. Du får mindre lån og stipend om du tar utdanning på deltid.
Dersom du skal betale skolepengar, kan du få eit lån til skolepengar i tillegg til basislånet.
Forskjellen på fulltid og deltid
Det som avgjer om du blir rekna som fulltids- eller deltidselev, er kor lang tid du skal bruke på utdanninga og kor mange fag/årstimar du skal ta i perioden.
For å bli rekna som fulltidselev må du ha 980 årstimar i gjennomsnitt per studieår dersom du tar yrkesfagleg utdanning, og 840 årstimar dersom du tar studiespesialisering. Tar du færre årstimar i gjennomsnitt enn dette, er du deltidselev.
Når du er deltidselev blir beløpet du får, berekna etter den deltidsprosenten du har. Deltidsprosenten blir bestemt av kor mange fag du tar (talet på årstimar) og tida du skal bruke på utdanninga. Dersom du for eksempel tar 980 årstimar av eit yrkesfagleg program over to heile studieår, har du ein deltidsprosent på 50.
Startar du på utdanninga etter 16. august eller sluttar før 15. juni i eit studieår, varar utdanninga di for kort tid til at du kan få heile beløpet på 125 370 kroner. Du får basislån frå den datoen du startar på utdanninga til den datoen utdanninga sluttar.
Eksempel på deltidsutdanning
Du går på skole frå 18. august 2022 til 6. juni 2024, og tar fag frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram som gir deg til saman 954 årstimar. Då er du ein deltidselev, og deltidsprosenten din er 49,58.
Får du pengar til fulltids- eller deltidsutdanning?
I vedtaket ditt om lån og stipend står det om du har fått pengar til fulltids- eller deltidsutdanning.
Har du vaksenrett?
Dersom du har vaksenrett etter opplæringslova § 4A-3, vil du få lån og stipend til kroppsøving, sjølv om du har fritak i faget. Årstimane for faget kroppsøving blir lagt til automatisk når skolen din oppgir at du har vaksenrett.
Det er fylkeskommunen som avgjer om du har vaksenrett.