Generelle vilkår for lån og stipend

Det er somme generelle vilkår du må fylle for å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen. Her kan du lese om dei viktigaste.

Du kan få stipend og lån til å ta 480 studiepoeng

Regelen gjeld sjølv om du har betalt ned tidlegare lån. Dersom du har fått lån og stipend frå offentlege ordningar i andre land, blir den perioden også rekna med i kor lenge du kan få lån og stipend.

Vidaregåande opplæring eller grunnskoleopplæring du har tatt med ungdomsrett, er ikkje rekna med i kor mykje utdanning du kan få lån og stipend til. Du kan altså få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng i tillegg til dei åra du tok vanleg vidaregåande. 480 studiepoeng er det same som åtte år med fulltidsutdanning.

Reglane for kor mykje utdanning du kan få lån og stipend til, er endra frå og med studieåret 2021–2022. Regelendringa er spesielt relevant for deg som har studert på deltid, eller skal studere på deltid.

Dersom du er forseinka i utdanninga fordi du blei sjuk, fekk barn, eller fordi studiesituasjonen ikkje er tilpassa den nedsette funksjonsevna di, kan du likevel få støtte til meir enn 480 studiepoeng.

Du må ha opptak i ei utdanning som er godkjent

Alle studietilbod ved norske universitet og offentlege høgskolar er godkjente for lån og stipend, og også dei fleste private høgskolar, som for eksempel BI. Tar du ei utdanning du er usikker på om er godkjent for lån og stipend, kan du spørje oss eller sjå oversikta over akkrediterte institusjonar hos NOKUT.

Utanlandske statsborgarar

Som hovudregel må du vere norsk statsborgar for å få støtte frå Lånekassen. Utanlandske statsborgarar kan få støtte til utdanning i Noreg dersom dei oppfyller bestemte vilkår om tilknytning. Det er berre borgarar frå EØS- eller EFTA-land og familiemedlemmene deira som kan få lån og stipend til å ta ei heil utdanning i utlandet.

Les meir om utanlandske statsborgarar og tilknyting til Noreg

Du kan ikkje vere over 65 år

Det er inga nedre aldersgrense for studielån. Men er du over 50 år, vil du få mindre stipend og lån, og er du over 70 år, kan du ikkje få stipend og lån.

Du kan ikkje ha mislighalde tidlegare studielån

Dersom du ikkje har følgt opp betalingspliktene dine på tidlegare studielån, eller har brote opplysningsplikta, er det ikkje sikkert du kan få stipend og lån igjen til meir utdanning.

Det er først når vi har behandla søknaden din om stipend og lån, at du får svar på om du kan få ny støtte.

Du kan ikkje vere meir enn eitt år seinka i utdanninga

Dersom du blir seinka med meir enn 60 studiepoeng eller tilsvarande, kan du miste retten til lån og stipend.

Les forskrift om utdanningsstøtte