Elev i Noreg
Du må ha ein skoleplass før du søkar. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.
Du skal ikkje betale tilbake stipend
Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.
Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.
Stipend du kan få når du går på vidaregåande
Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skolen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.
Denne sida gjeld deg dersom punkta under stemmer:
- Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
- Du tar ikke fag på videregående som privatist.
Unntak for andre enn privatistar: Fyller du 21 til 24 år i 2024? Og fekk du i skoleåret 2023-2024 utstyrsstipend eller andre lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring? Då kan du vere med i ei overgangsordning. Sjekk om du er med i overgangsordninga.
Søknadsfrist
Husk at du må ha ein skoleplass før du søkar. Det er same fristar for alle stipenda:
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret