Kva er bortebuarstipend?
Bortebuarstipend er for deg som ikkje kan bu heime medan du går på vidaregåande.
Det er ikkje tilstrekkeleg at du har lyst til bu for deg sjølv.
Du kan berre få bortebuarstipend dersom
- det er 40 km eller meir mellom heim og skole, eller
- du bruker tre timar eller meir om dagen på å reise til og frå skolen , eller
- det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der
Stipendet blir vanlegvis ikkje behovsprøvd
Det betyr at verken inntekta til foreldra dine eller di eiga inntekt påverkar kor stort bortebuarstipend du kan få.
Unntak:
- Får du stønad til buutgifter? Då har du ikkje rett på bortebuarstipend.
- Er du lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb? Dersom du har ei brutto månadslønn på meir enn 17 186 kr, blir borteboerstipendet redusert.
Slik søker du
Det er ikkje ein eigen søknad om bortebuarstipend. Når du søker om stipend til vidaregåande skole, må du krysse av for at du skal bu borte. Vi vurderer då om du har rett til bortebuarstipend.