Eige stipend for flyktningar
Kva er flyktningstipend?
Flyktningstipend er ei eiga støtteordning til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Flyktningstipendet inneber at lån og stipend du elles kunne fått frå Lånekassen, blir flyktningstipend istaden.
Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du er med i introduksjonsprogram.
Desse låna og stipenda blir ikkje gjort om til flyktningstipend: Utstyrsstipend, lån til reise, lån til skolepengar og tilleggslån til søkarar over 18 år som har barn.
Du kan få flyktningstipend i tre år
Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innafor en periode på seks år etter datoen du fekk innvilga beskyttelse. Talet på år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du byrjar i utdanning etter at du fekk beskyttelse. Viss du byrjar på utdanninga innan tre år etter du fekk beskyttelse, kan du få flyktningstipend i tre år. Viss du til dømes byrjar i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.
Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år viss du har barn eller viss du får barn i perioden du får flyktningstipend. Dette gjeld også viss du skal ta grunnskoleopplæring før du byrjar på vidaregåande. Da kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje byrja i utdanning før etter fem år.