Flyktning

Kven kan få flyktningstipend?

Du må
  • Vere registrert med flyktningstatus hos UDI
  • Ta grunnskole eller vidaregåande skole
  • Ikkje få introduksjonsstønad samtidig som du får flyktningstipend
  • Ikkje bu på asylmottak

Eige stipend for flyktningar

Flyktningar som ikkje får introduksjonsstønad samtidig, kan få flyktningstipend i inntil tre år.

Kven blir rekna som flyktning?

Du blir rekna som flyktning dersom du har fått innvilga beskyttelse (asyl) i Noreg. Ukrainarar med opphaldsgrunnlaget kollektiv beskyttelse kan få flyktningstipend.

Kva er flyktningstipend?

Flyktningstipend er eit eget stipend til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Du kan ikkje få flyktningstipend til høgare og anna utdanning. Flyktningstipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, blir eit stipend i staden.

Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du får introduksjonsstønad.

Du kan få flyktningstipend i tre år

Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på 6 år etter datoen du fekk innvilga vern. Kor mange år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du begynner i utdanning etter at du fekk vern.. Begynner du på utdanninga innan tre år etter du fekk vern, kan du få flyktningstipend i tre år, men begynner du for eksempel i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.

Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år om du har barn eller om du får barn i i den tida flyktningstipend normalt kan bli gitt. Dette gjeld også om du skal ta grunnskoleopplæring før du begynner på vidaregåande. Då kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje begynte i utdanning før etter fem år.

Flyktningstipend kan bli gjort om til lån

Heile eller delar av flyktningstipendet kan bli gjort om til lån dersom du har inntekt, trygd eller formue over dei grensene som er fastsett. Dersom du forsørger barn, vil også barnestipend bli redusert eller falle bort dersom du sjølv eller ektefellen/sambuaren din har inntekt, trygd eller formue over dei fastsette grensene.

Flyktninger som tar høgare og anna utdanning kan ikkje få flyktningstipend

Du kan ikkje få flyktningstipend til å ta utdanning ved ein høgskole eller eit universitet, eller til anna utdanning som ikkje er vidaregåande eller grunnskoleopplæring. Anna utdanning er for eksempel folkehøgskole, fagskole, kunstskole eller IT-skole.

Men du kan få stipend og lån etter dei same reglane som norske studentar. Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine. 

Video om flyktningstipend frå Lånekassen

Kor mykje kan eg få i flyktningstipend?

Kor mykje du kan få kjem blant anna an på om du har ungdomsrett eller ikkje.

Hovudprinsippet for flyktningstipend er at du får det same beløpet andre får, men at alt er stipend. Det er forskjellig regelverk for stipend og lån i Lånekassen ut frå om du har ungdomsrett eller ikkje. Dette gjeld også deg som får flyktningstipend.

Dersom du har ungdomsrett, får du stipend etter dei same reglane som gjeld for elevar i vanleg vidaregåande skole. Har du ikkje ungdomsrett, får du stipend etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning.

Kva er ungdomsrett?

Dei fleste som går på vanleg vidaregåande skole har ungdomsrett. Det betyr at du har rett til treårig vidaregåande skole, innanfor ein periode på fire år. Du må bruke ungdomsretten din innan det året du fyller 25 år.

 

Videregående skole
For flyktninger med ungdomsrett
Videregående skole
For flyktninger uten ungdomsrett
Grunnskole

Aktuelt regelverk