Du kan få stipend til korte språkkurs enten du tar heile utdanninga i utlandet, eller om du skal på utveksling.
Krav til korte språkkurs
Kurset må vare i minst fire veker, med minimum 15 timer undervisning per veke. Det treng ikkje vere fire samanhengande veker, du kan få språkstipend til kombinasjonar av språkkurs som varer i minst fire veker til saman. Det er lengde på kurset som avgjer om du kan få støtte, ikkje studiepoeng.
Som hovudregel må du ta kurset i det landet du skal studere, som må vere eit land utanfor Skandinavia.
Du må vere tatt opp til ei hovudutdanning som gir rett til lån og stipend frå Lånekassen. Kurset må vere på eit anna språk enn engelsk. Vi kan godta at delar av utdanningsprogrammet ditt blir undervist på engelsk.
Språkkurset må bli tatt i tillegg til dei studiepoenga du elles planlegg å ta, for at du skal kunne få språkstipend.
Du kan normalt ikkje få språkstipend til språkkurs for same språk meir enn ein gong.
Ingen eigen søknad
Du søker om språkstipendet samtidig som du søker om vanleg lån og stipend.
Dette må du dokumentere
For at søknaden din skal bli behandla, må du sende inn to dokument. Det eine er ei stadfesting frå lærestaden i utlandet som viser kva språk det blir undervist på i hovudutdanninga du skal ta.
I tillegg må du sende ei stadfesting frå språkskulen i utlandet som viser:
- at du har fått opptak til eit språkkurs
- kvar du skal ta språkkurset, og kven som arrangerer det
- start- og sluttdato for kurset
- kor mange undervisningstimar du skal ha per veke