Søknad om lån og stipend til lengre språkkurs

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, samt den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Saman med søknaden må du legge ved eit endeleg opptaksbrev frå lærestaden som viser start- og sluttdato, og talet på timar med undervisning i uka.

Dersom du skal ta språkkurs ved ein språkskole må du sende inn dokumentasjon som viser kva for eksamen du skal ta når kurset er avslutta. Det er ikkje naudsynt dersom kurset er ved eit universitet.

Du må også sende inn dokumentasjon på kor mykje du skal betale i skolepengar, og at du har oppnådd generell studiekompetanse i Noreg.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Bur du heime i studieåret 2020-2021 på grunn av koronapandemien?

Dersom du studerer i utlandet, men bor mellombels i foreldreheimen i studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien, blir du ikke rekna som å bu saman med foreldra dine.

Kravet om å opphalde seg på lærestaden gjeld ikkje dersom ei utdanning som normalt er stadbasert, blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert studieåret 2020‒2021 på grunn av koronapandemien.

Dersom du skal studere i utlandet og ikkje kan opphalde deg på lærestaden ved studiestart på grunn av koronasituasjonen, skal du derfor likevel svare ja på følgande spørsmål i søknaden: «Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga?».

Gå til søknaden